Utlevering av hurtigtestar for covid-19 i Stad kommune

Det er ikkje lenger tilrådd å teste seg for covid-19 ved symptom på luftvegsinfeksjon. Sjå meir informasjon her: https://www.fhi.no/nyheter/2022/dette-er-anbefalingene-for-covid-19-som-gjelder-na/

I ein overgangsperiode vil kommunen framleis ha gratis sjølvtestar tilgjengeleg til utlevering for dei som likevel ønskjer å teste seg.

Du kan hente hurtigtestar utan å gjere avtale på førehand på følgande stadar:

Dersom du har nyoppståtte luftvegssymptom, bør du halde deg heime til du føler deg frisk. Dette gjeld uansett om testen er positiv eller negativ. Du treng ikkje registrere positiv sjølvtest hos kommunen.