«Vår sin butikk» med avdeling i Selje!

Det populære bakeriet med butikk på Leikanger har no fått utsal i innbyggjartorget i første etg. på kommunehuset.

- Dette er ein stor dag for oss – og vi gleder oss til å kunne servere folket i Selje og alle tilreisande deilig bakst, seier Åse Silden og Oda Wold Haugland var på plass bak disken.

Tilbodet er eit samarbeidsprosjekt mellom Innbyggartorget i Selje, Vår sin Butikk pog Hove aktivitetssenter.

- Vår sin butikk opna utsalet i innbyggartorget 24. mai, og vil i første omgang halde fram til 5. juli. Om det blir ein suksess, vil ein også halde fram til hausten. Butikken sel bakvarer, granola, salater og mykje meir. Du kan nyte maten i innbyggartorget eller ta han med deg, seier Tonje Ramse Tredal, einingleiar for lokal samfunnsutvikling i Stad kommune. 

Ideen om butikken kom fra ein lokalpolitikar som ønska aktivitet i Selje. Ideen blei jobba vidare med av leiarane ved dei to aktivitetssentra. Alt av utstyr og interiør er gjenbruk og «butikken» stod klar 24. mai. Det er Karoline Velsvik Liseth som administrerar utsalet.

Opningstidene for butikken er tysdagar kl 11.00-14.00.