Vil de vere med å starte Sterk og stødig – gruppe?

   Sterk og stødig treninga kan gje betre styrke og balanse, god mobilitet og førebygge fallulukker! Det er enkel trening og moro å gjere ilag. Vi inviterer idrettslag og andre organisasjonar/einskildpersonar til å vere med å starte treningsgruppa «sterk og stødig» i si bygd.

Frist for påmelding er 7. mars.

Treninga gjennomførast ein gang i veka. Instruktørane vil få jamleg oppfølging av fysioterapeut i Stad kommune. Stad kommune tilbyr oppstartstilskot på 5000 ,- til dei laga som ynskjer å starte opp. Laga må skaffe minst to personar som tek instruktørkurs, skaffe lokalar å trene i, samt marknadsføre og rekruttere deltakarar. Vi håpar å kunne starte opp grupper i så mange bygdelag i Stad som mogleg.

Instruktørkurset går over 3 dagar, og vert halde dagtid 16., 17. og 30. mars. Kurset finn stad på Bryggja omsorgssenter. Det blir servert lunsj.

Vil du bli med, ta kontakt med: Frisklivskoordinator Karoline Grøttå, tlf. 476 05 376, e-post: karoline.grotta@stad.kommune.no