Detaljregulering for Alleen 21 - høyring og offentleg ettersyn

Detaljregulering for Alleen 21 - høyring og offentleg ettersyn

Utval for areal og eigedom vedtok 29. november å legge detaljregulering for Alleen 21 på Nordfjordeid ut til offentleg ettersyn.

3D-perspektiv av utbyggingsforslaget i planen. Illustrasjon: Besseggen Arkitekter

Utval for areal og eigedom gjorde følgjande vedtak i sak UAE-22/143:

Detaljregulering for Alleen 21 med plan-ID 2022016 vert i medhald av plan- og bygningslova §§ 12-10 og 12-11 lagt ut til høyring og offentleg ettersyn.

Offentleg ettersyn

Offentleg ettersyn skal sikre at offentlege organ, naboar, interesseorganisasjonar og andre får høve til å uttale seg om planforslaget før endeleg vedtak.

Planforslaget

Grunnlaget for planarbeidet er at SISA Invest AS er med i konkurransen om å etablere Statens hus på Nordfjordeid. Planen legg til rette for utbygging av forretning, kontor og privat/offentleg tenesteyting. Det er i tillegg planlagt areal for gang- og sykkelveg, fortau og grøntareal/parkbelte innafor planområdet, overflateparkering og mogleg parkering under bakken.

Planområder er på om lag 4,3 daa og omfattar gnr./bnr.: 45/103, 46/2 m.fl. Plankart er utarbeidd av: EnviDan Arealtek

Meir informasjon

Saksutgreiinga, plandokument, tilhøyrande rapportar og vedlegg finn du på høyringssaka:

22/5260 - Offentleg høyring - Detaljregulering for Alleen 21 - Høyringfrist 17.01.2023

Merknader til planforslaget

Du har høve til å kome med skriftleg uttale til planforslaget, til dømes om arealbruk, omsyn eller andre relevante opplysningar. Send uttale via merknadsskjema på lenkja over.

Alternativt kan du sende uttale per post til Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid.

Fristen for å kome med uttale er 17. januar 2023.