Har du innspel til temaplan for kultur?

Har du innspel til temaplan for kultur?

Foto: Øystein Torheim Øystein Torheim

Formannskapet i Stad kommune vedtok 1. desember 2022 å legge ut forslag til temaplan for kultur til offentleg ettersyn. Frist for å gje innspel er 9. januar 2023. 

Forslag til temaplan for kultur

Planen vert no lagt ut til offentleg ettersyn for å sikre at innbyggjarar, frivillige lag og organisasjonar, næringsliv og andre interessentar får høve til å uttale seg før endeleg vedtak. Alle er velkomne til å gje sine innspel til planforslaget. Om du har synspunkt på satsingane og prioriteringane i planforslaget, kan du innan 9. januar 2023 kome med innspel.

Elektronisk utgåve av forslag til temaplan for kultur 2023- 2035

Forslag temaplan for kultur 2023-2035  (PDF, 939 kB)

Kunnskapsgrunnlag - Temaplan for kultur  (PDF, 2 MB)

Utfyllande informasjon med tilhøyrande bakgrunnsdokument er å finne i den politiske saka, F-sak 22/142

Kva ønskjer vi innspel på?

Vi ønskjer tilbakemeldingar på både innhald og prioriteringar.

Formålet med offentleg ettersyn av temaplan for kultur er å hente inn synspunkt på planforslaget før endeleg vedtak av plan i kommunestyret.

Vi set pris på at du les planforslaget og kunnskapsgrunnlaget og nyttar det som grunnlag for å kome med innspel.

Korleis gje innspel?

Du kan gje skriftleg innspel til planforslaget via

Takk for at du bidrar med dine innspel.

Vidare behandling

Når fristen er ute, vil innkomne uttaler bli samanfatta og vurdert før planen vert lagt fram for endeleg behandling på nyåret.