Planprogram for Kjøde næringsområde er fastsett

Planprogram for Kjøde næringsområde er fastsett

Planprogram for detaljregulering av Kjøde næringsområde vart fastsett av Utval for areal og eigedom den 29. november, med heimel i plan- og bygningslova § 12-9, jf. § 4-1.

Planområdet ligg i Kjøde.

Mål med planarbeidet

Detaljregulering for Kjøde næringsområde skal legge til rette for utvikling av næringsområde i Kjøde med bruk av massar som blir teke ut ved bygging av Stad skipstunnel, og for mellombels anleggs- og deponiområde for bygging av Stad skipstunnel. Det vert planlagt næringsområde på land og utfylling til kai/næringsområde i sjø.

Planarbeidet er framleis i ein tidlig fase. I vidare planarbeid skal det vurderast kva type næringsaktivitet som kan eigne seg i området etter at Stad skipstunnel er ferdigstilt. Kommunen meiner at planområdet kan eigne seg til ulike typar næring, til dømes akvakultur (landbasert oppdrett), fiskeforedling, entreprenørverksemd som f.eks. trelast, betong, rørlegging m.fl., biogassanlegg eller generell industri og lagerverksemd (ikkje uttømande).

Konsekvensutgreiing

På grunn av tiltak som kan få vesentlege verknader for miljø eller samfunn og som derfor er omfatta av forskrift om konsekvensutgreiing §§ 6b og 8a, er det sett krav om konsekvensutgreiing med planprogram. Planprogrammet inneheld føringar for konsekvensutgreiinga og det vidare planarbeidet.

Klagetilgang

Vedtak om fastsetting av planprogram er prosessleiande og kan ikkje påklagast. Grunneigarar, berørte partar og statlege/regionale styresmakter er varsla direkte i brev. Det vil vere mogleg å kome med ytterlegare merknader seinare i planprosessen, når planforslaget blir lagt ut til høyring og offentleg ettersyn.

Meir informasjon

Saksutgreiing, fastsett planprogram og merknadsskjema som var handsama politisk kan de lese her: 

Sak 22/141 - Detaljregulering for Kjøde næringsområde - fastsetting av planprogram