Nordfjordnett

 Velkomen til Nordfjordnett

Nordfjordnett er driftseininga i det interkommunale IKT-samarbeidet IKT Nordfjord mellom kommunane Bremanger, Gloppen, Kinn, Stad og Stryn. Nordfjordnett leverer IKT-tenester til desse fem kommunane gjennom driftssenteret i Måløy. Ved å samle tenestene på ein stad, oppnår kommunane både stordriftsfordelar og meir effektiv drift av IKT-løysingar. Nordfjordnett har eit godt fagmiljø med 18 ingeniører og fagarbeidere innan IKT-faget.

Hovudmålsettinga til Nordfjordnett er å levere gode og effektive IKT-løysingar slik at kommunane kan yte gode tenester til innbyggarane og næringsliv. Gode IKT-løysingar er viktig for å utvikle barnehagar, skular, helsetenester (velferdsteknologi) og direkte dialog med innbyggarane. Nordfjordnett er ein komplett IKT-leverandør med eige moderne datasenter for drift av kommunane sin infrastruktur og fagsystem. Vi jobbar tett opp mot kommunane og tilbyr også rådgiving, prosjektstøtte og brukarstøtte.

Brukarstøtta vår er open 08.00 – 15:30 (heile året) alle ordinære verkedagar (måndag – fredag).

Her er lenke for å melde sak til vårt driftssenter. Her finn du også driftsmeldingar m.m(kun for tilsette i kommunane).

Artikkelliste