VELKOMEN til ny kommune og ny nettside!

Betaling av faktura til kommunen

Betaling av faktura til kommunen

Du vil i god til før forfallsfristen, få tilsendt faktura med betalingsinformasjon. Elektroniske brukarar får faktura med betalingsinformasjon i Altinn. Er du ikkje elektronisk brukar, får du tilsendt fakturaen i posten.

Dersom du betalar for seint

Dersom du betaler for seint, må du betale forseinkingsrenter og eventuelle gebyr etter gjeldande lover og forskrifter.

 

Dersom du ikkje betalar

Om du er ueinig i kravet og klagar på fakturaen, så skal fakturaen betalast ved forfall. Dersom du får medhald i klaga, vil du få pengane tilbake dersom vi ikkje brukar tilgodebeløpet til motrekning.

Dersom du framleis ikkje betalar, har økonomiavdelinga plikt til å prøve å få dekka kravet.

Økonomiavdelinga har då følgjande verkemiddel:

• motrekning

• utleggstrekk

• utleggsforretning

• tvangssal

• konkursbegjæring

Gebyr og/eller betalingsmerknader kjem i tillegg.