Budsjetthandsaming haust 2024

Kommunestyret skal innan utgangen av kvart år vedta ein økonomiplan og eit årsbudsjett. 

Økonomiplanen skal gje ein realistisk oversikt over sannsynlege inntekter, forventa utgifter og prioriterte oppgåver i ein økonomiplanperioden på fire år, medan årsbudsjettet utgjer første året av økonomiplanen.

I Stad kommune starta prosessen med økonomiplan for perioden 2025 - 2028 og budsjett for 2025 med ei politisk sak i Stad kommunestyre 20. juni 2024, sak KS-24/091. I denne saka la kommunestyret ein overordna plan for arbeidet med økonomiplanen og årsbudsjettet fram til endeleg vedtak 13. desember 2024. I same sak skisserte kommunestyret kva slags føresetnadar som låg til grunn for økonomiplan- og budsjettarbeidet.

På denne sida finn du lenkjer til budsjettsakene i finansutval, formannskap og kommunestyre samt ei oversikt over politiske saker med relevans for budsjettarbeidet. 

Her finn du også kunnskapsgrunnlag, både skriftlege og digitale, som bidreg til å synleggjere kommunen sine utfordringar og handlingsrom i komande økonomiplanperiode. 

Budsjett 2025 og økonomiplan 2025-2028

Prosess og saksdok. for budsjett og økonomiplan

Artikkelliste