Innspel frå næringslivet

Stad kommune gjennomførte i oktober ei spørjeundersøking retta mot næringslivet på Nordfjordeid. Denne hadde som føremål å kartlegge næringslivets forventningar til Nordfjordeid si vidare utvikling. Samtidig ønskte kommunen å få kunnskap om behov og utviklingsplanar som kan ha betydning for det strategiske planarbeidet. 

Medverknad

Steinar Engeland

Resultatet frå undersøkinga retta mot næringslivet på Nordfjordeid er no klart. Undersøkinga representerer eit breitt utval av aktørar frå næringslivet på Nordfjordeid, men ikkje alle. Spørsmåla som vart stilt opnar opp for synspunkt og drøfting, noko som gjer at tilbakemeldingane er såkalla fritekstsvar. Administrasjonen har i ettertid samla og kategorisert tilbakemeldingane frå næringslivet, slik at dei kan lesast på ein enkel måte. Under her kan du lese kva eit utval av næringslivsrepresentantar har meldt tilbake til kommunen.

Spørjeundersøkinga bestod av følgande spørsmål:

  1. Kva type næring representerer du?  
  2. Kva fungerer godt med dagens plassering?  (t.d. bygg/infrastruktur/næringssamansetting)
  3. Er der tilhøve med dagens plassering og funksjonar (bygg/infrastruktur o.l.) som fungerer mindre bra?. I tilfelle kva? (t.d. mangel på areal, kundegrunnlag, teknisk infrastruktur, parkering).
  4. Har bedrifta di utviklingsplanar, og ligg det føre hinder for slik utvikling? I tilfelle kva? (t.d. mangel på areal, reguleringsføresegner, usikker marknad).
  5. Kva forventningar har du til Nordfjordeid si vidare utvikling? (t.d. posisjon, fortetting, parkering, ny bruk av areal, ny bruk av fjordfront osv.). 
  6. Kva type tiltak eller aktivitetar blir viktig for di bedrift, som kommunen bør vere kjend med? 

Innspel

For å samle informasjonen blei innspela sortert og kategorisert som følgande: