MedverknadStad kommune ønskjer at mange stemmer skal bli høyrde i samband med arbeidet med ein strategisk utviklingsplan for Nordfjordeid sentrum. Aktiv deltaking er viktig for lokaldemokratiet, for lokal samfunnsutvikling og for å få ein god plan. Det vert difor lagt opp til ulike former for medverknad i arbeidet. Innbyggjaranes tilbakemeldingar vil bli brukt til å kartlegge problemstillingar og tema som blir viktige å løyse i ein eller fleire nye arealplanar for Nordfjordeid, i tillegg til å utvikle mål og strategiar for ønska nærings- og samfunnsutvikling. Medverknad Nokre aktivitetar er allereie planlagt medan andre vil kome til etter kvart. Under finn du informasjon om aktivitetar som har vore gjennomført: Spørjeundersøking Det har blitt gjennomført to spørjeundersøkingar, ein undersøking retta mot næringslivet og ein innbyggjarundersøking. Sjå innspel frå innbyggjarane Sjå innspel frå næringslivet Utval for næring/oppgåveutval Stad kommunestyre har vedteke at det skal setjast ned eit eige, mellombels utval for strategisk utvikling av Nordfjordeid med representasjon av politikarar og personar med ulik kompetanse og erfaring med strategisk arbeid, næring og samfunnsutvikling. Utvalet skal levere eit diskusjonsnotat som summerer opp utvalet sine diskusjonar omkring temaet «Næringslivets betyding i eit levande og berekraftig Nordfjordeid». Føremålet med ordninga er elles å styrke nærdemokratiet og lokal politisk leiing gjennom å samskape med omgjevnadane. Informasjon om utvalet Arbeidsøkt i kommunestyre og dei ulike råda Det har blitt gjennomført to arbeidsøkter i høve det strategiske arbeidet. Arne Kringlen frå Norconsult bidrog i arbeidsøktene. Sjå innspel frå kommunestyremøtet 15.09.2022 Sjå resultat frå arbeid i råda 22.11.2022 Sjå arbeidsverkstad UAE og KISN 31.01.2023 Publisert 23.01.2023 20.33 Sist endra 02.02.2023 08.45
Arbeidsverkstad UAE og KISN Tysdag 31 januar 2023 vart det gjennomført felles arbeidsverkstad i utval for areal og eigedom og utval for kultur, idrett, samfunn og næ...
Eit aldersvennleg Nordfjord - Felles arbeidsøkt i råda Måndag 28. november 2022 vart det gjennomført ei felles arbeidsøkt med tematikken "Eit aldersvenleg Nordfjordeid" for un...
Innspel frå kommunestyremøtet 15.09 til det strategiske arbeidet med Nordfjordeid sentrum Stad kommunestyre gjennomførte i kommunestyremøte 15. september 2022 ei arbeidsøkt knytt til det vidare arbeidet med strategisk ...
Resultat frå innbyggjarundersøking Stad kommune har starta arbeidet med ein ny strategisk plan for Nordfjordeid. I samband med dette arbeidet er det gjennomført ei innbygga...
Innspel frå næringslivet Stad kommune gjennomførte i oktober ei spørjeundersøking retta mot næringslivet på Nordfjordeid. Denne hadde som f&os...