Eit aldersvennleg Nordfjord - Felles arbeidsøkt i råda

Ein gruppe menneske som sitt og fører innspel på eit kart - Klikk for stort bilete Elin Paulsen

Måndag 28. november 2022 vart det gjennomført ei felles arbeidsøkt med tematikken "Eit aldersvenleg Nordfjordeid" for ungdomsråd, eldreråd og råd for menneske med nedsett funksjonsevne. Arbeidet er ein del av det strategiske arbeidet for vidare utvikling av Nordfjordeid. 

 

Med omgrepet "aldersvenleg" meiner vi her eit samfunn tilpassa ulike aldrar. I KS sin rettleiar blir eit aldersvenleg samfunn presentert slik: Universell utforming + Lokal kunnskap + Medverknad = Aldersvenlege lokalsamfunn.

Medverknad

Ein gruppe menneske som sitt og skriv inn innspel til Nordfjordeid sentrum på eit kart - Klikk for stort bilete Elin Paulsen

Stad kommune ønskjer at mange stemmer skal bli høyrde i samband med arbeidet med ein strategisk utviklingsplan for Nordfjordeid. Aktiv deltaking er viktig for lokaldemokratiet, for lokal samfunnsutvikling og for å få ein god plan. Det vert difor lagt opp til ulike former for medverknad i arbeidet.

I det felles rådsmøtet vart det lagt opp til ei felles arbeidsøkt for ungdomsrådet, råd for menneske med nedsett funksjonsevne og eldrerådet. Arbeidsøkta vart delt inn i tre seksjonar: 

  1. Arbeidsøkt 1 - Forventningar
  2. Arbeidsøkt 2 - Kva manglar?
  3. Arbeidsøkt 3 - Prioritering

     

Resultatet av dette arbeidet kan du sjå under: 

Arbeidsøkt 1 - forventningar: 

Under den fyrste økta vart rådsmedlemmane fordelt i fire ulike grupper som skulle diskutere kva eit aldersvenleg Nordfjord er for dei. Den fyrste arbeidsøkta var i hovudsak ein diskusjonsøkt på der ein av gruppemedlemmane noterte ned det gruppa ble einige om at var viktigast.

Arbeidsøkt 2 og 3 - Kva manglar og prioriteringar

Under arbeidsøkt 2 arbeidde dei ulike gruppene med å kartleggje tiltak dei meiner er nødvendige for at Nordfjordeid skal vere aldersvenleg. Desse tiltaka blei deretter, i arbeidsøkt 3, plassert i en graf med aksane kostnad og tidsbruk. 

Som ein del av arbeidet med å kome opp med tiltak, fekk gruppene i oppgåve å finne eit tiltak som ikkje var særleg kostbart og som kan gjennomførast i løpet av adventstida. Dette tiltaket er nummerert med "1" og markert med eit hjarte. 

I oversikta under kan ein sjå innspela dei ulike gruppene kom med, og kor gruppene sjølve plasserte disse i ein tabell med aksane kostnad og tidsbruk.