Resultat frå innbyggjarundersøkingStad kommune har starta arbeidet med ein ny strategisk plan for Nordfjordeid. I samband med dette arbeidet er det gjennomført ei innbyggarundersøking, for å få innsikt i korleis innbyggjarane i Stad nyttar Nordfjordeid sentrum i dag og for å få innspel om vidare utvikling. Intervjua vart gjennomført over telefon i perioden frå 14. til 18. november 2022. 354 personar frå alderen 18 år og eldre busett i Stad kommune har blitt kontakta for å seie si meining. Under kan du lese kva eit utval innbyggjarar har meldt tilbake til kommunen.Resultata frå innbyggjarundersøkinga kan du sjå her: Korleis bruker du kommunesenteret Nordfjordeid i dag? Gjennom innbyggjarundersøkinga kom det fram at heile 312 av dei 356 intervjua innbyggjarane brukar kommunesenteret Nordfjordeid aktivt. Ut i frå spørjeundersøkinga kom det fram at dei aller fleste bruker kommunesenteret til handling. Enkelte oppga at kommunesenteret og vert brukt til andre kommunale tenester eller helsetenester. Nærleik til kommunesenteret vert uttrykt som ein faktor for korleis innbyggjarane brukar sentrum; enten ein bur i nærleiken eller har arbeidsplassen sin i sentrum. Kultur, kulturarrangementa og kaféar, vert nemnt fleire gonger då mange uttrykte at dei er nøgde med kulturtilbodet. Kva er bra på Nordfjordeid i dag, og kva tenker du bør bli betre? Tilbodet og utvalet i Nordfjordeid vart i størst grad nemnt i positiv forstand. Her finn ein tilbod som kulturtilbod, tilbod for vaksne, tilbod i butikkar og liknande. Enkelte respondentar trekker fram spesifikke butikkar og fleire er positive til tilbodet butikkane har. Det var og nokre som nemnte at dei ønskjer fleire butikkar som ein elles finn andre stader. Kulturtilbod er noko som igjen kjem fram som ein positiv del av tilbodet noko dei intervjua innbyggjarane er nøgde med. Kommunens økonomi nemnt fleire gonger som ein faktor som bekymrar respondentane. Det kjem fram at innbyggjarane er redd for kva det vil seie for andre sektorar i kommunen dersom det skal bli fleire nye tilbod i Nordfjordeid. Kva bør Nordfjordeid som kommunesenter innehalde, som ikkje finst i dag? Det kom fram at dei intervjua innbyggjarane er nøgde med det dei finn i Nordfjordeid som kommunesenter. Dette kjem fram av at fleire innbyggjarar svarar at sentrum innehelder «det meste», eller at det er «ingenting» ein saknar. Ungdomstilbodet vert nemnt fleire gonger med innspel relatert til alt frå klubber til aktivitetar, samt fasilitetar for symjing/bading. Spesifikke butikkar som ein gjerne finn i større byer, nye butikkar heller enn betre utval i butikkane som allereie er der, vert nemnt som noko ein ønskjer. Eksempel som vart nemnt er nisjebutikkar. Sjukehus vert nemnt som ein viktig faktor, då enkelte oppgjev at dei ikkje ønskjer å reise til Førde eller andre stadar for å reise på sjukehuset der. Fødeavdeling i Nordfjordeid var og noko som vart nemnt. Kva slags utvikling eller nye tilbod ønskjer du? Fleire innbyggjarar ønskjer ei utvikling innan eksisterande arbeidsplassar og tilrettelegging for nye arbeidsplassar. Nokre framhevar at tilrettelegging av arbeidsplassar «for innflyttarar og innvandrarar» er viktig. Kommunen vert sett som ein sentral aktør i kva slags utvikling eller nye tilbod befolkninga ønskjer seg, men næringslivet vert også nemnt fleire gonger som ein utviklingsfaktor eller bidragsytar til utvikling. Svømmehall er det mest nemnte, etterfølgt av butikk(ar) og idrettstilbod like bak. Av butikkar, er ein opptekne av butikkar som sel kle, spesifikt blir butikkar som sel kvinnekle eller barnekle nemnt som ønskjeleg. Det har kome fleire innspel om at det er behov for å betre tilgangen til sjøfronten, spesifikt har området rundt Sagaparken vore nemnt. Det kom forslag om å bygge ein gangveg ut til neset ved Nordøyrane. Dette kunne tilrettelagt framkomsten og moglegheiter for oppbevaring av utstyr for dei som ønskjer å drive med sjøsport, som m.a. kiting og wakeboard. Publisert 09.12.2022 12.55 Sist endra 05.03.2024 15.28