Norconsult - Skule- og idrettsarena Norconsult har på oppdrag frå Stad kommune gjennomført ein medverknadsprosess og ei moglegheitsstudie for sambruk og utvikling av skule- og idrettsområdet på Nordfjordeid. Norconsult har vurdert ulike løysingar for plassering av ein fotballhall i og rundt skule- og idrettsområdet. Med utgangspunkt i registreringar, medverknad frå tilsette og elevar, føringar frå kommunen og innspel busselskapet og teori, tilrår Norconsult skissert løysing under. I følgje Norconsult vil dette konseptet betre trafikkavviklinga, gi plass til både arenabygg og fotballhall, samtidig som den tek vare på moglegheitene til å skape gode mellomromssonar og - aktivitetar. Heile moglegheitsstudie frå Norconsult for sambruk og utvikling av skule- og idrettsområdet på Nordfjordeid kan sjåast her: Moglegheitsstudie for sambruk og utvikling av skule- og idrettsområdet Publisert 02.09.2024 18.33 Sist endra 02.09.2024 18.33