Høyring klimaplan med frist 27. april

Stad formannskapet gjorde i møte 7. mars, F - 25/029 vedtak om legge ut framlegg til temaplan for klima 2025-2037 til offentleg ettersyn. Frist for å gje innspel til planforslaget er 27. april 2025.

Temaplan for klima 2025-2037
Kunnskapsgrunnlag, temaplan for klima 2025-2037

Tidlegare involvering og medverknad

Stad kommunestyre fekk presentert planprogrammet til klimaplanen i ei orientering i september 2023. Basert på planprogrammet er det no utarbeidd eit planforslag. Det har vore orientert om status undervegs i arbeidet i samfunnsutvalet den 12. juni 2024. Det blei også gjennomført ein arbeidsverkstad i planutvalet og samfunnsutvalet 27. og 28. februar 2024 som handla om målsettingar og ambisjonsnivå. Kort oppsummert var det eit politisk ønskje om å finne mål for klima og natur som var både ambisiøse og realistiske. I førre politiske møterunde blei eit utkast til klimaplanen presentert for dei ulike råda i ei orientering og i kommunestyret den 23. januar 2025

Gjennom utarbeiding av planen har kommunen fått ein del innspel, også utover politisk medverknad. Det har fortløpande vore henta inn innspel internt i organisasjonen frå ulike fagområde, blant anna gjennom den interne arbeidsgruppa «Ressursgruppe for grøn omstilling» og gjennom ei intern høyringsrunde i forkant av den offentlege høyringa. Det har også vore gjennomført utekontor i Selje og på Nordfjordeid der kommunen sine innbyggjarar kunne kome innom for å få høyre om og gi innspel til klimaplanen. Vi har også fått inn skriftlege og munnlege innspel frå innbyggjarane og ulike samfunnsaktørar i løpet av arbeidet.

Korleis komme med innspel til planforslaget?

For å gi innspel, bruk elektronisk innspelsskjema som du finn under «Sjå og gje innspel til saker på høyring», via sikker digital post eller per post (merk med referansenummer 25/10526, send til Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid). Du finn lenke også her:

Send innspel

Vil du ta ein prat?

Det er mogleg å ta direkte kontakt med sakshandsamar (marte.sofie.soreide@stad.kommune.no) dersom du har spørsmål til planen. Det er også mogleg å avtale tidspunkt for å komme innom kontoret på rådhuset for ein prat i løpet av høyringsperioden. Når fristen er ute, vil alle innkomne innspel bli vurdert, før planen vert lagt fram til behandling for politisk vedtak.

Ei rask innføring i klimaplanen

Klimaendringar er ein av vår tids største utfordringar, og endringane skjer raskare enn dei har gjort på fleire tusen år. Noreg har gjennom Parisavtalen forplikta seg til å føre ein klimapolitikk som bidreg til globale utsleppskutt. Med mindre vi har umiddelbare, raske, omfattande og vedvarande utsleppskutt vil vi ikkje kunne avgrense oppvarminga til 1,5 °C.

Temaplan for klima gir føringar for klimapolitikken i Stad kommune og korleis vi ønskjer å utvikle kommunen som samfunn og organisasjon mot ei klima- og naturvenleg framtid og førebu oss på eit klima i endring. For å oppnå dette er de tre sentrale innsatsområde som planen er bygga opp rundt: 

Tre illustrasjonar som viser ein fabrikk, ei regnsky og ein blomst - Klikk for stort bilete

Utslepp av klimagassar

  • Mål: Vi reduserer klimagassutsleppa i 2030 med minst 55 % og i 2050 med minst 90-95 %  ut frå utsleppsnivået i 2009.

    Mål: Vi reduserer klimafotavtrykket ved å ta vare på ressursane våre gjennom sirkulære løysingar og redusert forbruk

Menneskeskapte utslepp av klimagassar forsterkar drivhuseffekten i atmosfæren og fører til endringar i klimaet. Klimagassar kan delast inn i direkte og indirekte utslepp. Direkte utslepp er dei utsleppa som skjer innanfor kommunen sine geografiske grenser. Indirekte utslepp er dei klimagassutsleppa som skjer utanfor kommunen sine geografiske grenser som følgje av vårt forbruk, handel og globale verdikjedar.

For å nå mål om globale utsleppskutt må både dei direkte og indirekte utsleppa reduserast. Klimafotavtrykk er ei utrekning av den totale klimapåverknaden av både direkte og indirekte utslepp, og kan sjåast på som eit resultat av forbruket og livsstilen vår. Eit klimafotavtrykk gir dermed ein meir heilskapleg oversikt over utsleppa vi har moglegheit til å påverke, samanlikna med å berre fokusere på dei direkte utsleppa.

Ei berekraftig utvikling av samfunnet inkluderer at vi tek vare på ressursane våre gjennom sirkulære løysingar, at vi reduserer det materielle forbruket vårt, held produkta og ressursane i omløp så lenge som mogleg, og reduserer mengda avfall som vert produsert. Avfall må også sjåast som ein ressurs. Vi må gå frå ein «bruk-og-kast» mentalitet til å utvikle sirkulære samfunn og arbeidsplassar.

Klimatilpassing

  • Mål: Stad er eit trygt og klimarobust samfunn som er førebudd på konsekvensar av klimaendringane.

Klimatilpassing er definert som tiltak som avgrensar ulemper og utnyttar fordelar av eit endra klima. Klimaendringar er langsiktige endringar i vêrmønsteret lokalt, regionalt og globalt. Som følgje av klimaendringane må vi planlegge for eit annleis klima enn det vi er van med i dag. Vestland vert villare, varmare og våtare. Stad har i likskap med mesteparten av fjordkysten eit mildt, nedbørrikt klima med låg temperaturskilnad mellom sommar og vinter.

Det er venta ei vesentleg auke i episodar med kraftig nedbør. Dette kan føre til fleire regnflaumar, skred og utfordringar med handtering av overvatn. På Vestlandet er naturen si evne til å binde store mengder vatn svært viktig.  Naturbaserte løysingar er ein viktig del av klimatilpassinga. Det handlar om å nytte blå og grøne område til å fordrøye og infiltrere regn- og flaumvatn, som estetiske element og som biotopar (leveområde) for artar.

Konsekvensar av klimaendringar, samfunnet sin sårbarheit for å bli negativ påverka av klimaendringar og innsatsen frå kommunen for å tilpasse seg verknadar av klimaendringane gir eit bilete av den samla klimarisikoen for ein kommune. Vestland er eit av dei fylka med høgast klimarisiko. Det vil seie at vi kan forvente ei høg påverknad av klimaendringar men relativt sett lågare innsats for å motverke dei. Risikoen aukar også framover.

Arealbruk og naturmangfald

  • Mål: Arealbruken i kommunen bidreg til å hindre tap av naturmangfald, redusere klimarisiko og auke opptaket av klimagassar.

Naturen er livsgrunnlaget vårt, og vi har eit ansvar for å ta vare på den. Naturen er viktig med sitt mangfald, økosystemtenestene den leverer og evna den har til å handtere klimaendringar. Ivaretaking av natur er også viktig for den sosiale berekrafta, fordi natur er ein viktig arena for friluftsliv og folkehelse, som møteplass og arena for rekreasjon.

Hadde det ikkje vore for denne naturlege karbonlagringa i natur, ville effektane av klimagassutsleppa vore endå meir alvorlege enn dei er i dag. Den store utfordringa er at vi bygger ned svært mykje natur i heile landet, sjølv om vi veit at vi treng naturen i møte med klimaendringane. Å ta vare på økosystem ved å unngå nedbygging av natur er derfor det mest effektive klima-«tiltaket».

Arealet i kommunen er ein av dei grunnleggande ressursane som skal forvaltast. Her er tiltakshierarkiet eit svært relevant som verktøy. Areal er ein avgrensa ressurs, og det er viktig at arealpolitikken prioriterer klima og natur. Naturkrisa og klimakrisa må løysast samtidig, og arealbruken bør prioriterast til dei formåla som har størst samfunnsnytte. Endra arealbruk vil påverke opptak og utslepp av klimagassar og andre økosystemtenester. Arealinngrep og arealbruksendringar er den viktigaste årsaka til tap, svekking og fragmentering av natur.

Artikkelliste