Temaplan for klima

Temaplan for klima vart vedteken av Stad kommunestyre 23. oktober 2025. Planen er eit overordna, operativt dokument som gir oss retning i korleis vi kan utvikle kommunen som samfunn og organisasjon mot ei klima- og naturvenleg framtid og førebu oss på eit klima i endring. 

 

Klimaendringar er ein av vår tids største utfordringar, og endringane skjer raskare enn dei har gjort på fleire tusen år. Noreg har gjennom Parisavtalen forplikta seg til å føre ein klimapolitikk som bidreg til globale utsleppskutt. Med mindre vi har umiddelbare, raske, omfattande og vedvarande utsleppskutt vil vi ikkje kunne avgrense oppvarminga til 1,5 °C. 

Målet med ein klimaplan er å sikre ei heilskapleg og målretta oppfølging av kommunen sitt klimaarbeid, og å støtte opp under og konkretisere oppfølginga av nasjonale og regionale mål og føringar som klimalova, stateleg planretningslinjer for klima- og energiplanlegging, med meir. 

Klima og miljø er svært tverrfaglege og komplekse tema. Gjennom klimaplanen ønskjer vi å vise samanheng mellom dei ulike fagområda.

Planen består av tre dokument: sjølve klimaplanen, ein tiltaksbank og eit kunnskapsgrunnlag. 

Klimaplanen er det operative dokumentet og inneheld dei tre innsatsområda med mål og strategiar. Klimaplanen er konkret og kortfatta og baserer seg på kunnskapsgrunnlaget. 

Klimaplanen har følgande tre innsatsområde: 

  • Utslepp av klimagassar (inkluderer direkte utslepp og klimafotavtrykk)
  • Klimatilpassing 
  • Arealbruk og naturmangfald

Tiltaka i Tiltaksbanken konkretiserer kva som skal til for å jobbe mot mål og strategiar. Gjennom det årlege klimabudsjettet i handlingsprogrammet til økonomiplanen blir det årleg vurdert kva for tiltak som skal prioriterast. Oppfølging av tiltak skal dermed sikrast gjennom det årlege klimabudsjettet som er ein del av kommunen sitt overordna styringssystem. Klimabudsjettet skal fungere som ein handlingsdel til klimaplanen, der det kvart år vurderast kva for tiltak som skal prioriterast dei neste fire åra med særskilt fokus på det komande året. Lista i tiltaksbanken er ikkje uttømmande, og nye tiltak vil kunne takast inn over tid. 

Kunnskapsgrunnlaget gir utfyllande informasjon om dei ulike tema i klimaplanen.  Innhaldet i klimaplanen er basert på kunnskapsgrunnlaget.

Klimaplan for 2025-2037 (PDF, 2 MB)

Tiltaksbank (vedlegg til planen)  (PDF, 118 kB)

Kunnskapsgrunnlag for planarbeidet (vedlegg til planen) (PDF, 5 MB)