Utviklingsplan 2024-2028. Kommunal planstrategi

Det går fram av plan- og bygningslova kapittel 10 at kommunestyret skal utarbeide og vedta ein kommunal planstrategi seinast eitt år etter at kommunestyret er konstituert. Stad kommunestyre bestemte ein utviklingsplan som utgjer den kommuneale planstrategien for Stad. 

Føremålet med ein kommunal planstrategi er å få ein samla oversikt og vurdering av kommunen sitt planbehov i kommunestyreperioden. Planstrategien kan i tillegg gje føringar for kommunen sitt plansystem og planressursar. Planstrategien skal omfatte ei drøfting av kommunen sine strategiske val knytt til samfunnsutvikling, herunder langsiktig arealbruk, miljøutfordringar, sektorane si verksemd og ei vurdering av kommunen sitt planbehov i perioden.

I utviklingsplanen for Stad kommune skildrar i tillegg fire satsingsområde som baserer seg på utfordringar og moglegheitar omtalt i sentrale utviklingstrekk. Satsingsområda er område som er kritisk for utviklinga av kommunen og der vi vel å rette ekstra innsats mot.

Utviklingsplan for Stad kommune 2024-2028. Kommunal planstrategi, PDF-versjon (PDF, 2 MB)

Utviklingsplan for Stad kommune 2024-2028. Kommunal planstrategi. DIGITAL

Grunnlagsdokument:

Grunnlagsdokument utviklingsplan 2024-2028_ Vurdering planbehov (PDF, 405 kB)

Grunnlagsdokument utviklingsplan 2024-2028 - Forventingar til kommunal planlegging (PDF, 578 kB)

Stad 2024 - Status og utviklingstrekk - kunnksapsgrunnlag pr. 26.04.2024 (PDF, 2 MB)

Folkehelseoversikt 2024-2028_mai 2024 (PDF, 912 kB)

Satsingsområda - dette satsar vi på dei neste 4 åra!

Inkluderande, aldersvennleg og livskraftig samfunn

Stad kommune skal vere ein stad der folk vil bu. Dette er ein føresetnad for å vere livskraftig. Vi må satse på innbyggarane våre og frivillige lag og organisasjonar. Innbyggjarane skal føle på stadstilhøyrsle og bulyst. Vi ønskjer at innbyggarane har like moglegheiter til gode liv og er aktørar i eigne liv gjennom heile livet. Å oppleve fellesskap, tryggleik, utvikling og moglegheit til å påverke er viktig for livskvaliteten. Integrering i arbeidsliv og fritidsaktivitetar er også viktig for alle innbyggarar.

Berekraftig verdiskaping og kompetanse

Vestland og Stad har alle føresetnadar for å skape ny vekst, og Vestland kan ta ein leiande posisjon innan alle nye verdikjeder i «hav møter land»- industri. Vestland og Stad har eit stort potensiale i å utnytte ressursane og kompetansen til å utvikle nye og meir berekraftige verdikjedar innan t.d. opplevingar, kulturarv, handel, stadutvikling og reiseliv. Framover må vi utnytte ressursane våre til å skape sirkulære verdikjedar basert på industriell symbiose, gjennom eksisterande næringar og ved utvikling av ny skipslei og nye næringar som følgje av Stad skipstunnel. Dei demografiske endringane, utfordringar med utanforskap og rekruttering krev sterkare samarbeidsstrukturar på tvers av verdikjeder og mellom forsking, utdanning og næringsliv både innanfor helse og teknologi.

Redusere klimagassutslepp og ta vare på naturen

Klima og miljø er ein premiss for samfunnsutviklinga. Alle i Stad kommune skal kunne leve gode liv i eit lågutsleppssamfunn som er tilpassa eit klima i endring. Vi skal ta vare på naturen som vårt livsgrunnlag og dermed sikre velfungerande økosystem som også er viktig for å redusere klimagassutsleppa og skape eit klimarobust samfunn.

Samskaping og tverrfagleg samarbeid 

For å lykkast med dei ovanfor nemnde satsingar er vi nødt til å samarbeide og vere i tett dialog med aktørane i samfunn. Vi skal sjå utfordringar på tvers, jobbe tverrfagleg og samordne verkemiddel og ressursar for å finne meir effektive måtar å løyse utfordringane og utvikle kommunen. Samskaping handlar mellom anna om å identifisere problemet saman med dei det gjeld for å finne, velje og gjennomføre løysingar i lag. For å møte dagens og framtidas utfordringar må vi dra i lag.