Dialogmøte med Statens vegvesen 03.05.23

Relatert til utfordringane knytt til RV15 og E39 som går gjennom Nordfjordeid sentrum vart det den 3. mai gjennomført eit dialogmøte mellom Stad kommune og Statens vegvesen.  

Frå SVV sin ståstad vart det uttrykt at det er positivt at ein ønskjer å sjå heile sentrum under eitt i utviklingsprosessen. Stad kommune opplyste på møtet at kommuneplanen sin arealdel er i dag frå 2015 og at ein arbeidar med ein ny plan. Sjølv om kommuneplanen sin arealdel ikkje er ferdig er utvikling i tråd med kommunen sin samfunnsdel er det ein raud tråd i utviklinga både i sentrumsområdet og lenger ute. Det er viktig å prioritere det som hastar, slik som kryssløysinga Sjøgata/RV 15. Statens vegvesen er ein viktig part i arbeidet med kryssløysinga, det er difor viktig at ein finn løysingar i lag.

Under er nokre av områdane/utfordringane kommunen ønskjer eit tett samarbeid med SVV rundt:

Foto: Anders Aa. Hagen
  • Nordøyrane/Skårhaug
    • Mehl reinseanlegg og ny helikopterlandingsplass 
    • Busstopp
    • Kryss Sjøgata/ Rv. 15 
  • Fortetting og ny aktivitet i sentrum langs Sjøgata 
  • Trafikk i skule- og idrettsområde 
  • Energihub og døgnkvileplass 
  • Utvikling av ferdigregulert bustadfelt 
    • Langelandsåsen  
  • Lotetunnelen 
  • Cruisedestinasjon – auka trafikk og mjuke trafikantar langs Sjøgata og langs RV 15 
  • Næringsareal Lundastranda
  • Bustadutvikling Haugen
  • Gang- og sykkelveg Nordfjordeid – Haugen