Få breva dine rett på mobilen!

Stad kommune har ambisjonar om å bli meir tilgjengeleg på nett og levere fleire tenester digitalt. Eit viktig skritt på vegen er å sende fleire brev elektronisk.

Stad kommune sender brev elektronisk til digitale postkasser gjennom KS Svar UT. Målet er å auke effektiviteten i saksbehandlinga, redusere papirforbruk, redusere CO2-utslepp knytt til transport, minska kostnadane - og gje innbyggjarane tilgang til posten på ein rask og trygg måte - same kvar ein er i verda! 

Stad kommune oppmodar alle innbyggjarane til å opprette digitale postkasser!

Informasjonsfilm - Motta digital post frå det offentlege