Borgarleg vigsel

Borgarleg vigsel

Har de bestemt dykk for ekteskap, kan de fylle ut skjemaet for kommunal vigsel. Skjemaet er elektronisk, og de loggar inn ved bruk av ID-porten.

Her må de oppgje namn på brudeparet, e-postadresse, telefonnummer, ynskt lokalisering, dato og tid.

For å inngå ekteskap i Noreg må Skatteetaten vurdere om vilkåra i ekteskapslova er oppfylt. Alle skjema som skal fyllast ut, finn de på skatteetaten.no.

Når de fyller vilkåra for å inngå ekteskap, får de tilsendt prøvingsattest frå Skatteetaten. Denne attesten må sendast kommunen før vigsling. Han er gyldig i fire månadar.

Stad kommune tilbyr vigsling fredagar i kommunestyresalen på Stad rådhus. De kan kome med ynske om andre dagar og stadar, men det må vurderast av vigslaren. Vigsel utanom rådhuset si opningstid vil kunne medføre kostnader for dykk.

Kva kostar det å gifte seg?

  • Lønskostnadene til vigslaren er fastsette til 600 kr per time medgått tid når vigslinga skjer utanom den ordinære opningstida i Stad kommune.
  • Reisekostnader dekkjast etter statens satsar for køyregodtgjersle.

Har de spørsmål om vigsling?


Kontakt Stad kommune på telefon: 57 88 58 00 eller e-post: post@stad.kommune.no

Kontakt

Stad kommune
E-post
Telefon 57 88 58 00