Bustønad frå Husbanken

Bustønad frå Husbanken er ei behovsprøvd statlig støtteordning for husstandar som har lave inntekter og høge bu utgifter. Husbanken og NAV Stad samarbeidar i behandlinga av bustønadsordninga. Husbanken fattar vedtak, medan NAV Stad behandlar sjølve søknaden og har kontakt med deg som søker.

Sjekk om du kan få bustønad frå Husbanken

Husbanken sine nettsider kan du sjå kven som kan få bustønad, med krav til husstanden, krav til bustaden og kva inntektsgrenser som gjelder.

Du kan også prøve bustønads kalkulatoren for å sjekke om du fyller vilkåra for bustønad.

Slik søkjer du

Husbanken anbefalar at du leverer inn elektronisk søknad men du kan også søke på papirskjema. Ta då kontakt med NAV Stad ved fysisk oppmøte eller ved å henvende deg til NAV Kontaktsenter på     55 55 33 33.

Søknadsfristen er den 25. kvar månad.

Vedtak og eventuell utbetaling skjer den 20. i påfølgande månad.

Dersom du får innvilga bustønad blir søknaden din automatisk overført til neste månad.

Får du avslag fordi du har høg inntekt ein månad, blir søknaden din overført til neste månad automatisk i tre månader.

Ettersending av vedlegg

Dersom du har søkt elektronisk kan du logge på Din Side på Husbanken der du lastar opp eit nytt vedlegg på søknaden du allereie har levert inn. Din side finner du på husbanken.no

Ynskjer du å klage på vedtaket?

Du kan klage på vedtak om bustønad dersom du meinar at vedtaket bygger på feil opplysningar. Du har tre veker frist til å klage etter at du mottok vedtaket.

Klage på bustønad skal sendast til kommunens bustønadskontor. Kommunen vil forberede saka og sende den til Husbanken for behandling.

Slik klager du på bustønad