Tilskot frå Husbanken

Har du havna i ein økonomisk vanskelig situasjon og har vanskar med å skaffe deg bustad eller behalde den bustaden du har? Då kan du søke om tilskot frå Stad kommune.

Desse tilskota er mest aktuelle der startlån åleine ikkje strekk til. Du kan med andre ord søkje om ein kombinasjon av startlån og tilskot.

Tilskot til å kjøpe eigen bustad

Dersom du ikkje klarer å betjene eit stort nok startlån til å finansiere ein passande bustad, kan du søkje om det som heiter «tilskot til etablering».

Tilskot til tilpasning av bustad

Har du behov for å byggje om bustaden din? Då kan du søke om finansiering til små eller store ombyggingar og tilpasningar.

Du kan også søkje om tilskot til profesjonell prosjekteringshjelp utført av for eksempel arkitekt i forkant av ei eventuell ombygging.

Tilskot til refinansiering av lånegjeld

Har du vanskar med å behalde bustaden din på grunn av betalingsproblem? NAV Stad kan gi deg økonomisk veiledning og støtte til refinansiering av bustadgjeld.

Meir informasjon om startlån og tilskot finn du her.