Midlertidig bu-tilbod (Naudsituasjon)

NAV Stad skal hjelpe deg med å finne eit midlertidig bu tilbod dersom du heilt akutt ikkje har ein plass å sove og opphalde deg det neste døgnet.

Kven kan få midlertidig bu tilbod?

NAV Stad skal finne eit midlertidig bu tilbod til deg i akutte situasjonar dersom du ikkje klarer dette sjølv. Slike nødssituasjonar kan være ved brann, familie- eller samlivsbrot eller dersom du har blitt kasta ut frå den plassen du budde.

Kva kan du få?

NAV Stad skal finne eit konkret og tilgjengeleg bu tilbod. Dersom du ikkje har pengar til å betale for den midlertidige bustaden sjølv, kan du søke om økonomisk sosialhjelp her.

Du kan få eit opphald på hytte, campingplass, eller eit anna husvære som eignar seg. Dette kjem an på kva bu tilbod som er tilgjengelig på det tidspunktet.

NAV Stad skal sikre at det midlertidige bu tilbodet er forsvarlig. Kravet til bu tilbod er strengare dersom det er barnefamiliar eller ungdom som skal benytte bu tilbodet.

Kor lenge kan du få midlertidig bu tilbod?

Eit midlertidig bu tilbod skal hjelpe deg i ein akutt situasjon, og bør kun unntaksvis vare meir enn 3 månadar. NAV Stad skal gi deg råd og rettleiing for å hjelpe deg til å finne eit varig bu tilbod.

Dersom du ikkje klarer å ivareta interessene dine på bustadmarkedet, kan NAV Stad bistå deg praktisk med å skaffe ein bustad ved for eksempel å kontakte utleigarar eller hjelpe deg med annonsering.

Korleis søkjer du?

Dersom du er i ein akutt situasjon utan ein plass å bu, kan du ta kontakt med NAV Stad ved å oppsøkje kontoret eller ringe NAV Kontaktsenter på 55 55 33 33. Du må også søkje elektronisk om midlertidig bu tilbod på nav.no.

Klage

Du har rett til å klage på vedtaket frå NAV. Klagefrist er 3 veker frå du mottek vedtaket