Informasjon frå nasjonale myndigheiter
Registrering i Råde
Alle ukrainarar må registrere seg på Nasjonalt ankomstsenter i Råde. Dette gjeld også dei som allereie har familie busett i Stad kommune.
Å verte registrert som asylsøkar er viktig for mellom anna å utløyse rett til økonomisk stønad, mottaksplass/bustad, helsetenester, barnehage, skule osb. i det norske samfunnet.
Mottak av flyktningar i Stad kommune
I løpet av 2022 og 2023 har Stad kommune busett 150 flyktningar, dei fleste frå Ukraina.
I 2024 skal Stad kommune ta imot 45 flyktningar.
Dei som er registrerte og blir busett etter avtale med IMDi vil ha rett til å delta i introduksjonsprogrammet og dermed få opplæring i norsk, samfunnskunnskap, foreldrerettleiing og livsmeistring. Barn vil ha rett på barnehageplass og opplæring i skule, og alle har rett til helsehjelp og stønad til livsopphald som andre innbyggjarar.