MELDING

Info om korona

Information about corona in various languages
helsenorge.no   folkehelseinstituttet.no

Nasjonal infotelefon om koronavirus: 815 55 015 (kvardagar kl. 08-15.30).

Informasjon om KORONATESTING i Stad kommune

Rådgjeving frå Stad kommune om koronavirus og smittevern:
e-post korona@stad.kommune.no

Økonomisk sosialhjelp

Økonomisk sosialhjelp

Kva er økonomisk sosialhjelp?

Økonomisk sosialhjelp er ein midlertidig stønad som gis til dei som ikkje har andre muligheiter til å dekke sine nødvendige utgifter.

Før du kan få økonomisk sosialhjelp, må du ha prøvd alle andre muligheiter til å forsørgje deg sjølv. Det inkluderar inntektsgivande arbeid, eigne midlar, og at du har benytta deg av økonomiske rettigheiter du måtte ha etter folketrygdlova og krav på underhold.

På grunnlag av søknaden din vil NAV Stad gjere ei konkret og individuell vurdering av dine faktiske behov. Du må kunne dokumentere behovet ditt for økonomisk sosialhjelp. Du kan også bli bedt om å dokumentere andre muligheiter du har forsøkt, for eksempel:

  • Om du har søkt om bostøtte
  • Om du har benyttet eventuelle rettigheter til trygdeordninger
  • Om du er registrert som aktiv arbeidssøker hos NAV og tar imot tilbud om arbeid.

NAV Stad kan stille betingelsar for tildeling av stønad, for eksempel at du må delta på aktivitetar som kan bidra til å gjere deg økonomisk sjølvhjelpt.

Dette kan du få hjelp til

Du kan få råd og rettleiing om ulike muligheiter du har i din situasjon. Dersom du ikkje har, eller ikkje kan skaffe deg, tilstrekkelig inntekter til å betale for mat, husleige eller strøm, kan du søke om økonomisk sosialhjelp ved NAV Stad.

Økonomisk sosialhjelp skal først og fremst dekke nødvendige utgifter til å leve og bu. Dette omtalast vanlegvis som livsopphaldsutgifter. Stønaden skal bidra til å sikre ein nøktern og rimelig levestandard.

Kommunen bruker retningslinjer/satsar som eit veiledande utgangspunkt ved vurdering av søknader.

Akutt sosialhjelp

Dersom du er i ein akutt vanskelig situasjon, ta kontakt med ditt lokale NAV kontor ved oppmøte, eller ring NAV Kontaktsenter på 55 55 33 33.

Krav til søkjar

Du kan søke økonomisk sosialhjelp dersom du:

  • Oppheld deg lovlig i Norge
  • Bur fast i Norge
  • Ikkje har pengar til for eksempel mat, husleige eller strøm
  • Ikkje kan sørge for deg sjølv gjennom jobb eller andre inntekter

Slik søkjer du om økonomisk sosialhjelp

Du kan søke om økonomisk sosialhjelp enten digitalt via NAV.no eller ved å sende inn søknadsskjema per post:

Søk digitalt på nav.no

Vedlegg som må følgje med søknaden

  • Lønnslipp/dokumentasjon på annen inntekt/formue
  • Kontoutskrift som syner saldo på alle kontoar
  • Siste sjølvangivelse/skattemelding og skatteoppgjer (fås hos Skatteetaten og på altinn.no)
  • Husleigekontrakt evt. Dokumentasjon på utgifter til bustadlån
  • Fakturaer som viser utgifter til for eksempel husleige, bustadlån, strøm, barnehage og lege/medisinar.

 Ta gjerne kontakt med NAV Stad før du leverer søknad. NAV-kontoret vil ofte ha behov for å snakke med deg om din situasjon før søknaden ferdigbehandlast.

Kva skjer etter at du har sendt inn søknaden?

Du får eit skriftlig vedtak når søknaden din er behandla. Dersom saksbehandlinga tar lenger enn éin månad, får du et foreløpig svar.

Dersom du har akutt behov for hjelp, skal du få et raskt svar. Dette krev derimot at du tar kontakt fysisk eller pr. tlf. slik at NAV Stad veit at situasjonen din er akutt.

Klage på vedtak

Klagefrist er tre veker frå du mottar vedtaket. I vedtaket får du også informasjon om korleis du klagar. Klagen må innehalde begrunnelse for klagen og eventuelle nye opplysningar og dokumentasjon. Send klagen til NAV-kontoret.

Trenger du hjelp til å klage, kan du kontakte NAV Stad.