Startlån og tilskot

Startlån skal bidra til at personar med langvarig bustadfinansieringsproblem kan skaffe seg eigna bustad og behalde den.

Kven kan få lån?

Startlån er ei behovsprøvd låneordning, og personar med bruttoinntekt under følgjande grenser kan søke om startlån i Stad kommune:

Einsleg

Einsleg med 1 barn

Ensleg med 2 eller fleire born

Par

Par med 1 barn

Par med 2 eller fleire barn

 

4,5 G

 

 

5,5 G

 

6 G

 

7 G

 

8 G

 

8,5 G

Grunnbeløpet bereknast ut frå det nivået det ligg på ved mottak av søknad.

I heilt spesielle tilfeller kan det gjerast unntak frå desse inntektsgrensene.

Kriterier og vilkår for å søke startlån

Målgruppa for startlån er dei som ikkje kan få lån, eller har langvarige problem med å få lån eller tilstrekkelig lån, i vanlig bank. Dette kan være:

  • økonomisk vanskeligstilte husstandar
  • barnefamiliar med låg inntekt
  • einslege forsørgjera
  • personar med nedsatt funksjonsevne
  • flyktningar (kan søke uten å være norsk statsborger)
  • personar med opphaldstillatelse på humanitært grunnlag

Før startlån vert vurdert, må søkjar ha etterspurt lån i vanleg bank. Manglende eigenkapital for å kunne få lån i bank er ikkje i seg sjølv tilstrekkelig for å få Startlån.

Inntektsmuligheten relatert til helse og livssituasjon må være utnytta fullt ut.

Husstandens inntekt må være stabil og forutsigbar over tid. Husstanden må ha betjeningsevne for lån til bolig etter at utgifter til livsopphold og øvrige utgifter er dekket.

Kva kan det ytast lån til?

Bustaden må ligge i Stad kommune. Den skal vere eigna for husstanden, den skal også være rimelig og nøktern i høve prisnivået i kommunen. Det er ein føresetnad at bustaden ikkje er dyrare enn at søkjar kan klare å betene buutgiftene over tid, og likevel ha midlar igjen til livsopphald.

Startlån kan ytast til:

  • Toppfinansiering, saman med grunnlån frå Husbanken eller andre bankar.
  • Utbetring/tilrettelegging av bustaden.
  • Refinansiering av dyre lån dersom det resulterar i at husstanden kan bli buande i bustaden, og at dette er føremålstenleg.
  • Fullfinansiering ved kjøp av bustad, kombinert med tilskot for dei mest vanskeligstilte.
  • Førehandsgodkjenning om at lånsøkjar vil få startlån dersom søkjar finn eigna bustad. Førehandsgodkjenninga gjeld for 3 månadar.

Låneutmåling

Startlånet kan nyttast til å fullfinansiere bustaden, eller som topplån der Husbanken eller andre bankar gir grunnfinansiering eller ikkje tilstrekkelig finansiering. Ved fullfinansiering er det ein føresetnad at lånsøkjar ikkje får lån i bank. For særleg vanskelegstilte husstandar kan startlånet nyttast i kombinasjon med tilskot til kjøp og utbetring av bustaden.

Ved vurdering av betalingsevne nyttar Stad kommune SIFO satsar, men kvar søkjar får individuell vurdering. Stad kommune nyttar Finansavtalelova § 47 om frårådingsplikt der det er naudsynt.