BarnevernstenestaBarnevernstenesta skal sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade helsa og utviklinga deira, får naudsynt hjelp, omsorg og trygge oppvekstvilkår. Barnevernstenesta gjev tenester til born og unge frå 0 til 18 år og familiane deira når vilkåra i barnevernlova er innfridde. Ved samtykke kan barnevernstenesta oppretthalde hjelpetiltak inntil fylte 23 år.UndersøkingEi undersøking etter barnevernlova kan føre til at saka vert avslutta utan tiltak, at det vert sett i verk hjelpetiltak eller at det vert fremja sak for fylkesnemnda om tvangstiltak. Dersom barnevernstenesta fremjar sak for fylkesnemnda, vil partane i saka ha krav på fri rettshjelp.HjelpetiltakVilkåra for hjelpetiltak etter barnevernlova er knytte til at barnet har særskilde behov eller at tilhøva i heimen gjer at tiltak vil vere til det beste for barnet. Det er viktig å understreke at tiltak etter barnevernlova ikkje skal erstatte tiltak som barn og foreldre har rett til etter anna lovverk. Aktuelle tiltak kan vere: råd og rettleiing barnehage støttekontakt besøksheim familieråd økonomisk støtte til utstyr og/eller aktivitet for barnet tilsyn tilvising til barne- og ungdomspsykiatri KontaktHar du spørsmål om barnevernstenesta, kan du ta kontakt med leiar i eining for barnevern i Stad kommune.Org.nr. 983 802 494Meir informasjonLov om barnevernstjenester (barnevernlova)Retningslinjer om hjelpetiltak i barnevernetFylkesnemndene for barnevern og sosiale saker Publisert28.11.2019 16.33 Sist endra26.02.2020 16.46