Offentleg tilsette har både meldeplikt og opplysingsplikt til barnevernstenesta, jamfør lov om barneverntjenester § 6-4.
For meir informasjon, sjå https://bufdir.no/Barnevern/Melde_fra_til_barnevernet/
Meldeplikt for offentleg tilsette
Dersom du er bekymra for om eit barn er utsatt for alvorleg omsorgssvikt eller mishandling, har du som offentleg tilsett meldeplikt til barnevernstenesta. Du skal utan hinder av teieplikta melde frå til barnevernstenesta
- når det er grunn til å tru at eit barn blir eller vil bli mishandla, utsett for alvorlege manglar ved den daglege omsorga eller annan alvorleg omsorgssvikt
- når det er grunn til å tru at eit barn har ein livstrugande eller annan alvorleg sjukdom eller skade, eller har særskilde hjelpebehov, og ikkje får dekt det særlege behovet sitt for undersøking, behandling eller opplæring
- når eit barn viser alvorlege åtferdsvanskar i form av alvorleg eller gjenteken kriminalitet, misbruk av rusmiddel eller ei anna form for utprega normlaus atferd
- når det er grunn til å tru at eit barn blir eller vil bli utnytta til menneskehandel
Vilkåra for å melde bekymring til barnevernstenesta utan samtykke er strenge. Dersom du er i tvil om vilkåra er innfridde, kan du drøfte saka anonymt med barnevernstenesta.
Privatpersonar som er bekymra for barn
Dersom du er usikker på om eit barn får god nok omsorg, bør du melde frå til barnevernstenesta. Dersom du lurer på om du bør sende bekymringsmelding, kan du ringe til barnevernstenesta og drøfte saka anonymt.
Slik sender du bekymringsmelding
Digital bekymringsmelding
Vi oppmodar alle om å melde bekymring digitalt. Det gjer du her:
Offentleg tilsett: https://bekymringsmelding.fiks.ks.no/offentlig
Privatperson: https://bekymringsmelding.fiks.ks.no/
Skjema
Dersom du ikkje har moglegheit til å nytte det digitale skjemaet, kan du laste ned og fylle ut dette skjemaet: Bekymringsmelding til barnevernstenesta
Dette skjemaet må du sende per post til:
Stad kommune barnevern, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid
Telefon
Du kan og ringe direkte til barnevernstenesta for å melde om di bekymring for eit barn.
Dersom bekymringa di er akutt og krev umiddelbar respons frå barnevernstenesta må du ringe oss.