Hove lærings- og aktivitetssenteret er eit lågterkseltilbod til brukarar som treng tilrettelagde arbeidsoppgåver. Hove lærings- og aktivitetssenteret ligg i Selje sentrum og er organisert under Bu og miljøtenesta i Stad kommune. Senteret skal fremje trivsel, sosialt fellesskap, tryggleik, respekt og meistring. Vi samarbeider tett om desse målsetjingane med brukarane sjølve, pårørande, frivillige, næringslivet og andre kommunale tenestetilbod.
Vi driv ei tekstilavdeling, ein snikkarverkstad, og produksjon av ved. I tillegg tek vi ulike oppdrag rundt i lokalsamfunnet.
Kom gjerne innom butikken som er open måndag-fredag kl 08.30-15.30
Følg oss på Facebook og Instagram.
Dersom ein ynskjer ein plass ved Hove lærings- og aktivitetssenteret må søknad sendast til Stad kommune. Tilbodet vert individuelt tilpassa den enkelte sitt behov.
Til søknadsskjema
Publisert 01.10.2020 12.45
Sist endra 27.10.2021 10.23