LA-senteret

LA-senteret er forkorting for Lærings- og aktivitetssenteret som er eit dagtilbod for dei mellom 16-67 år som fell utanfor ordinært arbeidsliv i Stad kommune. LA-senteret høyrer til i LA-bygget på Langeland på Nordfjordeid. Vi deler bygg og lokale med flyktningtenesta/vaksenopplæringa, og med In Via som er ein viktig samfunnsaktør i Nordfjord som arbeider med attføring og som arbeidsmarknadsbedrift. 

På LA-senteret arbeider vi ut i frå arbeidssentermodellen, det vil seie at arbeidstakerar med ulikt funksjonsnivå jobbar saman i grupper for å yte tenester, ferdigstille produkt og overhalde leveringsfristar. Vi skal fremje trivsel, sosialt fellesskap, tryggleik, respekt og meistring. Det er viktig at kvar enkelt brukar av LA-senteret kan vere med å påverke sin eigen kvardag og at den opplevast meiningsfull. 

På LA-senteret har vi kantinedrift, produksjon av trearbeid og bruktklebutikk. Vi syr, broderer, vever, strikkar, hekler, produserer tennbrikettar, tek på oss vaskeoppdrag og mykje anna. Vi har ansvar for drift av BUA og vi har også eige sanserom og treningsrom. 

For å få tilbod på LA-senteret må ein:

  •  av ulike årsakar ha hamna utanfor det ordinære arbeidslivet.
  • vere mellom 16-67 år.
  • vere folkeregistrert eller ha bustad i Stad kommune. 
  • vere ferdig avklara gjennom NAV, vere mottakar av uføretrygd, eller vere under attføring. 
  • vere motivert for aktivitet og ulike arbeidsoppgåver, og ein må kunne samarbeide med andre i større eller mindre grupper. 

Dersom ein ynskjer ein plass ved LA-senteret må det sendast søknad til Stad kommune. Det er dei ulike avdelingane i kommunen som handsamar søknaden og gjer vedtak etter kartlegging og samtale med fagleiar ved LA-senteret. Vedtak vert individuelt tilpassa den enkelte sitt behov.
 

Besøk oss på Facebook

Kontakt

Jannike Sundal
E-post
Mobil 95 12 73 14