Frivillig arbeid og aktivitet

Stad kommune har ein rik og aktiv frivillig sektor. Kanskje ønskjer du å engasjere deg i frivillig arbeid eller delta i mange av aktivitetane som foregår? Om du vil orientere deg, kan det vere ein god ide å starte med frivilligsentralane i Eid og i Selje. 

Formål

Ein frivilligsentral er ein lokalt forankra møteplass som vert drive ut frå lokale føresetnader og behov. Frivilligsentralane skal initiere, mobilisere og samordne lokal frivillig innsats i eit samarbeid mellom frivillge eldsjeler, lag, foreiningar og det offentlege. Frivilligsentralane er opne for alle, og arbeider for å inkludere alle som har lyst til å delta i ulike former for frivillig arbeid.

Meir informasjon

Stad kommune har frivilligsentral både i Eid og i Selje. Ta gjerne kontakt om du ønskjer meir informasjon eller har lyst til å delta i aktivitetar.

Les meir om Frivilligsentralen i Eid

Les meir om Frivilligsentralen i Selje

Kontakt

Astrid Grete Torheim
Eid frivilligsentral, fagleiar
E-post
Mobil 91 13 89 92
Maria Helgesen
Selje frivilligsentral, Dagleg leiar/ konsulent
E-post
Mobil 95 86 92 23