Kven kan få hjelpemiddel?
Dersom du har nedsett funksjonsevne på grunn av skade eller sjukdom, kan du få låne hjelpemiddel for ein kortare eller lengre periode.
Kortvarig behov
Stad kommune har ansvar for å låne ut hjelpemiddel ved kortvarige behov. Dette kan vere om du til dømes har operert hofte eller kne. Vanleg utlånstid er om lag tre månader, om ikkje anna vert avtalt.
Varig behov
NAV hjelpemiddelsentralen har ansvar for å låne ut hjelpemiddel ved vesentlege og varige behov (over to år) om du har fått ein varig skade eller sjukdom. Om du tek kontakt for å få hjelpemiddel, vil tilsette i kommunen vurdere funksjonen din og eventuelt hjelpe deg med å sende ein søknad til NAV hjelpemiddelsentralen. I tillegg har vi ansvar for opplæring og bruk av hjelpemiddelet og vidare oppfølging.
Syn og hørsel
Har du varig og vesentleg nedsett syn eller hørsel, finst det fleire hjelpemiddel som kan gjere kvardagen din enklare. Stad kommune har eigne syns- og hørselskontaktar som kan hjelpe deg med å vurdere behovet ditt.
Små hjelpemiddel
Har du behov for små hjelpemiddel som spesialbestikk, utstyr til å opne emballasje, gripetang og støttehandtak? Dette er hjelpemiddel som du må kjøpe sjølv. Har du varig funksjonsnedsetting som kan medføre behov for små hjelpemiddel, kan du søkje om økonomisk støtte frå NAV.
Meir informasjon
Her kan du lese meir om hjelpemiddel
Ta kontakt
Dersom du har eit kortvarig eller varig behov for hjelpemiddel, kan du ta kontakt med fysio- og ergoterapitenesta eller heimetenesta i Stad kommune.