Kva kan du få?
- Eit fast beløp kvar månad som ei godtgjersle for nokon av timane du brukar på pleie- og omsorgsarbeid i heimen
- Avtale med opplysningar om talet på timar, timelønn og andre vilkår
- Omsorgsytaren har ikkje rett til omsorgsstønad. Kommunen står fritt til heller å tilby nødvendige helse- og omsorgstenester direkte til brukaren
- Vedtak om omsorgsløn er tidsavgrensa og vert som hovudregel fatta for eitt år om gongen
Krav til søkjar
- Den hjelpetrengande må bu heime
- Omsorgsarbeidet må vere særleg tyngjande og overstige vanlege omsorgspliktoppgåver
- Må ha vedtak om hjelpestønad frå NAV
Søknad
Du brukar felles søknadsskjema for helse- og omsorgstenester i Stad kommune.
Her kan du søkje helse- og omsorgstenester
Søknad om helse- og omsorgstenester papirutgåve (PDF, 131 kB)
Søknadsbehandling
Det er tildelingsteamet i Stad kommune som vurderer søknaden. Søknaden vert vurdert på bakgrunn av heimebesøk frå heimetenesta og funksjonskartlegging (IPLOS). I utforminga av totaltilbodet skal synspunkta til brukaren / den som treng omsorga vektleggjast dersom mogleg.
Både omsorgsytaren og den hjelpetrengande kan klage på vedtaket. Klagefristen er fire veker frå du fekk brevet. I klagen må du forklare kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Send klagen til Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid.
Har du spørsmål?
Dersom du har spørsmål om søknaden din, kan du ta kontakt med heimetenesta i det området du bur.
Lover og forskrifter
Helse- og omsorgstjenesteloven
Pasient- og brukerrettighetsloven