Praktisk bistand

Praktisk bistand og opplæring er eit tilbod til deg som på grunn av sjukdom treng hjelp til å utføre praktiske gjeremål. Målet er at du skal halde fram med å bu heime lengst mogeleg. Du må betale for tenesta praktisk bistand. 

Dette kan du få hjelp til

  • Reingjering av opphaldsrom, støvsuging, støvtørking og golvvask, vask av bad/wc. Vert utført av reinhaldsavdelinga
  • Klesvask i vaskemaskin etter behov
  • Skifte av sengekle 
  • Hjelp til tilrettelegging av måltid etter behov
  • Innkjøp av daglegvarer, dersom ikkje andre ordningar let seg etablere. Lokale butikkar tilbyr levering av varer heim

Tenestestandard 

I Stad kommune jobbar vi etter ein tenestestandard som skildrar omfang og innhald i Stad kommune sine helse - og omsorgstenester. Saman med sentrale føringar er dette dokumentet meint å vere rettleiande for kommunen sine innbyggarar og tilsette. 

Her kan du lese vår tenestestandard 

Søknad

Du nyttar søknadsskjema for helse- og omsorgstenester i Stad kommune. I søknaden skriv du kva du treng hjelp til. 

Her kan du søkje helse- og omsorgstenester

Søknad om helse- og omsorgstenester papirutgåve (PDF, 135 kB)

Prisar

Det er husstanden si inntekt som avgjer kva du må betale for heimehjelp.

Betalingssatsar i Stad kommune Behandling av søknad

Det er heimetenesta i Stad som behandlar søknaden din. Dei tek kontakt med deg for å avtale eit heimebesøk der dei kartlegg behova dine. Du får eit skriftleg svar på søknaden din. Dersom det ikkje er mogleg å gje deg eit skriftleg svar innan ein månad, vil du få informasjon om årsaka.

Du kan klage på vedtaket innan fire veker etter at du mottok brevet. Du må grunngje klagen og sende han til Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid.

Har du spørsmål?

Om du har spørsmål om søknaden din, kan du ta kontakt med heimetenesta i det området du bur.

Lover og forskrifter

Helse- og omsorgstjenesteloven

Forskrift om egenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester

Kontakt

Avdelingsleiar heimetenesta Nordfjordeid
Telefon 57 88 58 55

Telefontid kl.10.00 - 11.00 og 13.00-14.00. 

Avdelingsleiar heimetenesta Bryggja
Mobil 91 33 11 38

Ved spørsmål om behov for  heimetenester
eller praktisk bistand i heimen 

Telefontid kl. 10.00-11.00 og 13.00-14.00

Avdelingsleiar heimetenesta Selje/Stadtlandet
Mobil 41 00 22 06

Ved spørsmål om behov for heimetenester
eller praktisk bistand i heimen 

Telefontid kl. 10.00-11.00 og 13.00-14.00. 

Ingrid Hjelmeland
Assisterande einingsleiar heimetenesta
E-post
Telefon 97 53 02 65

Ansvarleg for sakshandsamingsteamet i kommunen 

Annette Hovden
Einingsleiar Heimetenesta
E-post
Mobil 45 47 84 72