Helsestasjon for ungdom(HFU)

Tenesta er eit lavterskeltilbod for gutar og jenter mellom 13 og 20 år. 
Tilbodet er gratis, du treng ikkje å bestille time. 
Her jobbar helsesjukepleiar, lege og psykisk helsearbeidar  
Vi har teieplikt - dette betyr at vi ikkje kan dele informasjon om deg utan samtykke. Unnatak er dersom det er fare for di eller andre si helse.

HFU har ope torsdagar frå kl 14.30 - 17.00

  • Stengt i skuleferiane, men ta kontakt med resepsjonen på telefon 578 85 800. Dei kan sette deg over til ein HFU helsesjukepleiar som kan hjelpe deg
  • Helsestasjon for ungdom held til på Stad rådhus, Nordfjordeid

 

Kva kan ein få hjelp med?

Du kan kome med små eller store spørsmål. Nokre gongar kan det vere godt å ha ein vaksen å snakke med.

  • Samtale/rettleiing om prevensjon, graviditet, abort, sex og kropp
  • Legge inn p-stav og spiral
  • Testing og behandling av kjønnssjukdommar (SOI - seksuelt overførbare infeksjoner)
  • Familie og venneforhold
  • Ungdom som pårørande
  • Mobbing
  • Føler du deg åleine
  • Fysisk og psykisk helse, somatiske symptom
  • Fravær og frafall frå skule
  • Stress og press
  • Søvnvaner og vanskar
  • Spørsmål og utfordringar til kjønnsidentitet, seksualitet, samliv
  • Seksuelle dysfunksjonar, som lystproblematikk, ereksjonssvikt, tørr skjede m.m
  • Utfordringer knyttet til kosthold og måltider, spiseforstyrring
  • Bruk av tobakk, alkohol og rusmidler
  • Vold, overgrep og omsorgssvikt
  • Negativ sosial kontroll, æresrelatert vold og tvangsekteskap
  • Vaksine mot hjernehinnebetennelse (meningokokk) til ungdom 16-19 år

Aktuelle nettsider og hjelpetelefoner:

Helsenorge  - Når du loggar inn får du tilgang på tenester (fastlege, timebestilling, vaksiner, timeavtalar m.m) som hjelper deg å følge opp eiga helse. 

 

Kontakt

Britt Tomasgard
Fagleiar helsestasjonane
E-post
Mobil 95 12 85 38

Åpningstider

Mandag - fredag 08:00 - 15:30