Lokaliseringsteknologi er ei teneste for personar som har vanskar med å orientere seg. Ved hjelp av GPS kan ein sjå kvar personen er, ved å vise posisjonen på eit kart på PC, nettbrett eller smarttelefon.
Posisjonen vert berre vist når personen sjølv trykker på alarmknappen, eller etter avtale med personen og eventuelt pårørande.
Målet med tenesta er at personen med orienteringsvanskar – og dei pårørande – skal kjenne seg trygge, frie og meir sjølvstendige. Lokaliseringsteknologi kan òg bidra til at ein kan halde fram med ein aktiv kvardag.