Barnekoordinator

Barnekoordinator

Barn som mottek fleire typar helse- og omsorgstenester frå kommunen over lang tid, har rett på ein koordinator og/eller ein individuell plan.

Gjennom barnekoordinator-ordninga ønsker ein å oppnå betre samarbeid og samordning av tenester til barn og unge med alvorleg sjukdom, skade eller nedsett funksjonsevne.

Stad kommune tilrettelegg no for tilbodet. Meir informasjon om ordninga vil vere på plass når Helsedirektoratet sin tverrsektoriell rettleiar med nye bestemmelsar om samarbeid, samordning og barnekoordinator er på plass i midten av september 2022.

Har du spørsmål, ta kontakt med vår koordinator for individuell plan, Sandra Kriken.

Kva vil vere ein barnekoordinator si rolle?

Ein barnekoordinator har som oppgåve å sikre nødvendig oppfølging og samordning av tenestetilbod rundt eit barn.  

Det kan for eksempel vere: 

  • Sikre nødvendig oppfølging og hjelp 
  • Bidra til at hjelpeinstansane rundt barnet samarbeidar om å nå mål 
  • Sikre god informasjonsflyt mellom hjelpeinstansane, deg og ditt barn 
  • Sikre framdrift i hjelpeprosessen 
     

Individuell plan

Barn som har behov for langvarige og koordinerte helse- og omsorgstenester, har rett på ein individuell plan. Denne planen skal vise kva mål du har, og kva tiltak som skal til for at måla blir nådd.

Planen skal bidra til at alle som jobbar rundt barnet forheld seg til ein felles framdriftsplan og bidra til:

  • ein meir føreseieleg prosess
  • styrke relasjonen mellom born/føresette og tenestene
  • forenkla kontakt med systemet

Koordinerte tenester og BTI (Betre tverrfaleg innsats)

Stad kommune satsar også på BTI modellen, som skal bidra til at born som treng våre tenester får heilskapleg og god hjelp så tidleg som moleg. Stad kommune tek i bruk modellen hausten 2022.

Les meir om Stad kommune sitt arbeid med BTI

 

Kontakt

Sandra Kriken
Avdelingsleiar heimetenesta, Nordfjordeid
E-post
Telefon 412 82 619