Individuell plan og koordinatorDersom du har behov for fleire langvarige og samansette tenester, kan du få tilbod om koordinator og individuell plan. Kommunen pliktar å syte for at tenestene er koordinerte, samanhengande, tverrfaglege og tilpassa dine behov. Ein koordinator vil hjelpe deg å ha oversikt og koordinere den tverrfaglege innsatsen. Ein individuell plan vil gje ei oversikt over hjelpebehov og hjelpetiltak for dine kortsiktige og langsiktige mål. Stad kommune nyttar ein digital versjon av individuell plan – SamPro. Dette kan du få hjelp til Oppnemne ein koordinator som skal hjelpe deg å halde oversikt og sikre kontinuitet i tenestene. Få tilbod om individuell plan som gir oversikt og skal nyttast i samhandlinga mellom tenestene og deg. Koordinator har ansvar for at planen vert utarbeida. Søk individuell plan og koordinator Søknadsskjema Kva kostar det? Det er gratis å få ein koordinator IP. Gebyrsatsar. (PDF, 737 kB) Behandling av søknaden Det er ein av sakshandsamarane i helse- og omsorgstenestene som handsamar søknaden din. Dei tek kontakt med deg for å avtale eit møte og karleggje behova dine. Du vil få skriftleg svar på søknaden, og om det vert vanskeleg å svare deg innan ein månad, vil du få informasjon om årsaka. Dersom det er vanskar med å finne ein koordinator til deg, vert koordinerande eining kontakta for å avgjere kva tenesteeining som skal avgje koordinator. Har du spørsmål? Har du spørsmål knytta til søknaden din, kan du kontakte leiar for koordinerande eining i Stad kommune. Lover og forskrifter https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2011-06-24-30#KAPITTEL_7 https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1999-07-02-63 Retningsliner for Stad kommune om samarbeid for personar med behov for koordinerte helse- og omsorgstenester, koordinator og individuell plan Publisert 01.10.2020 13.27 Sist endra 29.05.2022 23.09