Sjukeheim

Stad kommune har to sjukeheimar, Hogatunet bu- og behandlingssenter på Nordfjordeid og Seljetunet omsorg og rehabilitering i Selje. Desse har tilbod om korttidsplass, langtidsplass og avlastning. 

Kven kan få sjukeheimsplass?

  • Dersom du på grunn av sjukdom, skade eller andre årsaker ikkje klarer deg i eigen heim, kan du få tilbod om opphald på sjukeheim
  • Før det vert tildelt plass, skal det vere prøvd ut heimetenester
  • Søkjar som har behov for tilsyn og pleie heile døgnet i ei avgrensa periode kan få tilbod om korttidsplass
  • Søkjar som har eit særskilt stort hjelpebehov kan få tilbod om langtidsplass
  • Pårørande med særskilt tyngjande omsorgsoppgåver kan få avlastning for søkjar som elles kjem inn under kriteria som gjeld for korttidsopphald. Eit avlastningsopphald gjeld i ei avgrensa periode

Søknad

Du bruker søknadsskjema for helse- og omsorgstenester i Stad kommune. Du må grunngje søknaden din. Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden, må du fylle ut ei fullmakt og sende med søknaden. Det er ikkje søknadsfrist. Søknaden vert behandla løpande.

Her kan du søkje helse- og omsorgstenester 

Prisar

Det er eigenbetaling for langtidsopphald og korttidsopphald i institusjon. Avlastningsopphald er gratis. For korttidsopphald over 60 døgn er det eigenbetaling etter satsar for langtidsopphald

Betalingssatsar i Stad kommune (PDF, 737 kB)

Behandling av søknad

Søknad om korttidsopphald, langtidsopphald og avlasting blir behandla av tildelingsteamet i Stad kommune. Søknad vert vurdert med grunnlag i innhenta informasjon og funksjonsvurdering (IPLOS). Vi behandlar søknaden så raskt som mogleg. Dersom du ikkje får svar innan ein månad, skal du ha fått melding om årsaka til det. Du får tilsendt eit grunngjeve vedtak.

Du kan klage på vedtak om helse- og omsorgstenester innan fire veker etter at du mottok brevet. Du må grunngje klagen din. Send klagen til Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid.

Har du spørsmål?

Dersom du har spørsmål om søknaden din kan du ta kontakt med tildelingsteamet i Stad kommune. 

Lover og forskrifter

Helse- og omsorgstjenesteloven

Kontakt

Heidi Munch Starheim
Einingsleiar Hogatunet
E-post
Mobil 48 04 52 10
Annette Hovden
Einingsleiar Heimetenesta
E-post
Mobil 45 47 84 72
Stad kommune
E-post
Telefon 57 88 58 00