Ambulant team - psykiske vanskar

I løpet av livet vil mange oppleve psykiske vanskar. For nokre vil dette vere vanskeleg å handtere utan hjelp og terapeutisk behandling. Dersom du, eller nokon du kjenner, slit med depresjon, sjølvskading, sjølvmordstankar og rusproblem kan du få hjelp hos Nordfjord psykiatrisenter.

Nordfjord psykiatrisenter er ein del av spesialisthelsetenesta i Helse Førde og består av ein vaksenpsykiatrisk poliklinikk og eit ambulant team. Fastlegen din kan sende tilvising til Nordfjord psykiatrisenter for behandling på dagtid.

Ambulant team ved Nordfjord psykiatrisenter har vakt heile døgnet og tilbyr behandling ettermiddag og kveld. På kvardagar frå kl 08.00 - 21.30 og helg/helgedagar frå kl 10.00 - 16.00 kan du eller pårørande ta kontakt direkte utan tilvising frå lege.

Dersom det skjer noko utanom desse opningstidene er det legevakta som må tilvise for ei vurderingssamtale. Tenesta er bemanna med psykolog eller høgskuleutdanna terapeut.

Meir informasjon om Nordfjord psykiatrisenter

Kontakt

Ambulant team
Telefon 41 53 03 70