Fastlegeordninga

Gjennom fastlegeordninga skal kommunen sikre at alle får nødvendige allmennlegetenester av god kvalitet til rett tid, og at alle personar busett i Noreg får ein fast allmennlege.

Fastlegen har ansvar for alle allmennlegeoppgåver for alle innbyggjarane på lista. Fastlegen kan prioritere personar på si eiga liste framfor andre, med unnatak av lovpålagt akutt helsehjelp. Fastlegen samarbeider med andre kommunale tenester, spesialisthelsetenesta og NAV. 

Byte fastlege

Kvar fastlege har ei pasientliste. Alle som har rett til å stå på ei fastlegeliste, kan velje fritt mellom dei legane som har ledige plassar på lista si. Det er mogleg å byte fastlege to gongar per kalenderår. Pasientar står fritt til å ha fastlege i ein annan kommune enn den dei bur i.

Du kan også byte fastlege når du melder flytting til folkeregisteret, og når fastlegen din sluttar eller reduserer lista si. 

Personar som har flytta innanfor Noreg og meldt flytting til ein annan kommune, kan få tilbake den tidlegare fastlegen sin dersom dei flyttar tilbake til kommunen dei flytta frå innan tre år.

Det er mogleg å stå på venteliste for å byte fastlege for seg sjølv og borna sine. Det er berre mogleg å stå på ei venteliste om gongen.

Her kan du byte fastlege