Primærhelseteam

Primærhelseteam er eit nasjonalt pilotprosjekt med formål å betre helsetilbodet til dei som verkeleg treng det, og på sikt bruke ressursane i primærhelsetenesta på ein betre måte. Primærhelseteamet rundt pasientane er samansett av fastlegen, ein helsesekretær og ein sjukepleiar. Alle fastlegane ved Eid legekontor deltek i prosjektet.

Dette kan du få hjelp til

  • Generelle helsesjekkar og årskontrollar
  • Følge opp kronisk sjukdom ved sidan av konsultasjonar med fastlege
  • Legemiddelgjennomgang
  • Oppdatere journalen
  • Tverrfagleg samarbeid, koordinering av oppgåver, ansvarsgruppemøte
  • Støttesamtaler og heimebesøk
  • Pasientundervisning og rettleiing
  • Følge opp pasientar som er skrivne ut frå institusjon, sjukehus eller rehabilitering

Målgruppe

  • Pasientar som har behov for ei tett medisinsk oppfølging
  • Dei med store og samansette hjelpebehov
  • Kronisk sjuke, med til dømes hjarte- og karlidingar, KOLS, diabetes type II, hypertensjon o.l.
  • Personar med særleg nedsett funksjonsevne
  • Personar med psykiske lidingar eller ruslidingar
  • «Svake etterspørjarar»

 

Kontakt

Thomas Vingen Vedeld
Kommuneoverlege
E-post
Mobil 47 48 64 17