ParkeringskortParkeringstillatelse for forflytningshemma gir, i samband med transport av den som har fått tillatelsen, rett til å parkere motorvogn i heile landet: - på parkeringsplass reservert for forflytningshemma merka med offentleg trafikkskilt - på avgiftsbelagt kommunal parkeringsplass utan å betale avgift - på parkeringsplass med skilta tidsbegrensning frå 30 minutt og oppover med inntil dobbel tid, med unntak av skilta tidsbegrensning på særskilt avsett plass for forflytningshemma - på stadar der det er innført boligsoneparkering Parkeringskortet skal ved parkering plasserast med forsida godt synlig bak frontruta, og kunne visast fram ved kontroll Kven kan få parkeringskort? Bilførar eller passasjer som har særskild trong for å finne parkeringsplass i nærleiken av bustad, arbeid og anna aktivitet fordi vedkomande ikkje kan gå eller har store vanskar med å bevege seg. Parkeringskortet er personleg og kan berre nyttast av kortinnehavar. Parkeringskortet gjeld deg som person, ikkje bilen, og eigaren av kortet må alltid vere med i bilen. Du må levere tilbake parkeringskortet om grunnlaget for tildelinga ikkje lenger er til stades. Kommunen kan trekke tilbake gitt parkeringstillatelse ved misbruk eller ved endra tilhøve som gjer at krava i høve forskrift ikkje lenger er til stades. Prisar Parkeringskort er behovsprøvd og gratis. Søknad Du søkjer ved å bruke elektronisk skjema eller papirskjema. Saman med søknaden må du levere: Legeerklæring om at du har behov for parkeringskort Kopi av gyldig førarkort om du søkjer som sjåfør Kopi av ID-kort om du søkjer som passasjer Bilete i passfotostorleik Søk om parkeringskort her Sende søknad i papirversjon (PDF, 140 kB) Om du ikkje får levert søknaden digitalt kan du laste ned skjema, printe, fylle ut og sende pr. post eller levere på rådhuset. Behandling av søknaden Det er ingen søknadsfrist. Søknadene vert behandla fortløpande. Kommunen innhentar alle opplysningar som er nødvendige for å behandle søknaden. Kommunen fattar eit vedtak. Vanlegvis får du ei grunngjeving saman med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom du får avslag på søknaden. Kommunen skal behandle søknaden så fort som mogleg og seinast innan 4 veker. Eventuell klage skal du sende til Stad kommune innan 3 veker etter at du har fått vedtaket. Formannskapet i Stad kommune er klagenemnd. Vegdirektoratet er likevel klageinstans når førsteinstansvedtak om avslag er truffe i formannskapet. Kontakt Dersom du har spørsmål om ordninga kan du ta kontakt med saksbehandlar for parkeringskort i Strategi og samordning. Lover og forskrifter Forskrift om parkeringstillatelse Publisert 16.11.2019 15.53 Sist endra 12.06.2023 14.05