Avlastning for barn og unge

Avlastning er ei teneste til de som er foreldre eller føresette med særleg tyngande omsorgsarbeid. Målet med tenesta er å avlaste slik at barnet framleis kan bu heime og hjelpe deg med å få regelmessig ferie og fritid.

Kven kan få tilbodet?

  • Tilbodet er til foreldre eller føresette som har eit særleg tyngande omsorgsarbeid
  • Omsorgsbehovet er av ein slik art at det er vanskeleg å få til nødvendig og regelmessig ferie og fritid for føresette og familiar
  • Omsorgsbehovet er både av fysisk, psykisk og sosial karakter og er vesentleg større enn det som er normalt for alderen til barnet

Nærare om tilbodet

  • Avlastning kan skje både i og utanfor institusjon
  • Avlastning vert vurdert og sett i samanheng med andre tenester
  • Tilbodet gjeld ikkje høgtidsdagar
  • Føresette må søkje spesielt om avlastning på dagar der skule og barnehage er stengt
  • Tenesta er gratis

Søknad

I søknaden skriv du kva du treng hjelp til. Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden, må du fylle ut ei skriftleg fullmakt og legge ved. Du brukar felles søknadsskjema om helse- og omsorgstenester i Stad kommune. Det er ikkje søknadsfrist. Søknadene vert behandla fortløpande.

Søk om helse- og omsorgstenester her

Kontakt

Søknad om avlastning for barn og unge vert behandla av Bu- og miljøtenesta i Stad kommune. Søknad vert vurdert med grunnlag i innhenta informasjon og funksjonsvurdering (IPLOS). Vi behandlar søknaden så raskt som mogleg. Dersom du ikkje får svar innan ein månad, skal du ha fått melding om årsaka til det. Du får tilsendt eit grunngjeve vedtak.

Du kan klage på vedtak om helse- og omsorgstenester innan fire veker etter at du mottok brevet. Du må grunngje klagen din. Send klagen til Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid.

Lover og forskrifter