MELDING

Infoside om korona 


Information about corona in various languages
helsenorge.no   folkehelseinstituttet.no

Nasjonal infotelefon om koronavirus: 815 55 015 (kvardagar kl. 08-15.30).

Nye nasjonale koronatiltak frå 4. januar 2021

Informasjon om KORONATESTING i Stad kommune

Rådgjeving frå Stad kommune om koronavirus og smittevern:
e-post korona@stad.kommune.no

Psykisk helseteneste

Psykisk helseteneste

Bu- og miljøtenesta har ansvaret for psykiske helsetenester i Stad kommune. Psykisk helseteneste er eit hjelpetilbod til menneske som av ulike årsaker har det vanskeleg. Det kan vere akutte kriser, vanskeleg livssituasjon, langvarige psykiske lidingar eller andre udefinerte grunnar som gjer at ein treng psykisk helseteneste. Tenesta yt hjelp ut i frå kvar enkelt sine behov, ressursar og mål. Arbeidet skal fremje god livskvalitet, sjølvstende og meistring av eige liv.

Kva vi kan tilby

  • Individuell oppfølging
  •  Kartlegging av situasjonen
  •  Samtalar med pårørande
  • Hjelp til å meistre og organisere kvardagen
  • Hjelp til å samarbeide med andre instansar
  • Ved langvarige plager og fleire tenester involvert kan vi koordinere tenester ved hjelp av ansvarsgrupper, individuell plan
  • Utforming av kriseplan ved behov
  • Informasjon, råd og rettleiing i forhold til psykisk helse og behandling til deg og dine næraste

Kven kan få tilbodet

  • Du har utfordringar med rus eller psykisk liding som fører til stort hjelpebehov
  • Du treng hjelp i ein periode grunna ulike belastningar 
  • Du er ungdom eller vaksen

For akutte henvendingar

  • Legevakt 116 117
  • Ambulant team Nordfjord psykiatrisenter 415 30 370
  • Mental helse 116 123
  • Kirkens SOS hjelpetelefon 22400040
  • Chat: sidetmedord.no

Søknad

Det er ingen søknadsfrist. Det vanlege er at personar vert søkt inn til denne tenesta gjennom fastlege, spesialisthelseteneste, andre kommunale tenester eller NAV. Du kan også nytte felles søknadsskjema for helse- og omsorgstenester i Stad kommune eller ta direkte kontakt med tenesta. Merk at du kan ha rett på andre tenester frå kommunen som til dømes heimehjelp-praktisk bistand, støttekontakt, TT-kort mm. 

Søk om helse- og omsorgstenester

Prisar

Psykisk helseteneste er gratis. Andre aktuelle tenester, som til dømes støttekontakt, omsorgsbustad eller heimehjelp må du betale for.

Betalingssatsar i Stad kommune (PDF, 2 MB)

Behandling av søknad

Det er tildelingsteamet i Stad kommune som behandlar søknaden din. Søknaden vert vurdert med grunnlag i kartlegging, samtaler og funksjonsvurderingar (IPLOS).

Du kan klage på vedtaket innan fire veker etter at du fekk brevet. I klagen skriv du kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Klagen kan du sende til Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid.

Har du spørsmål?

Har du spørsmål om søknaden din kan du ta kontakt med tildelingsteamet eller bu- og miljøtenesta i Stad kommune.

Lover og forskrifter

Helse- og omsorgstjenesteloven

Kontakt

Anne Terese Eikeland
Assisterande einingsleiar
E-post
Mobil 400 35 058
Marie Bakke
Fagleiar psykisk helse og rus
E-post