Psykososialt kriseteam

Kommunen har ansvar for å gi eit heilskapleg og samordna hjelpetilbod til menneske i kommunen. Ein del av dette ansvaret er å yte eit koordinert tilbod av kommunale tenester og psyososiale tiltak ved kriser, ulukker og katastrofer.

Psykososialt kriseteam si oppgåve er å samordne den psykososiale innsatsen som trengs i ein krisesituasjon og sikre at dei som er råka får nødvendig oppfølging. Kriseteamet arbeider proaktivt og skal vere ein ressurs som gjev krisehjelp til enkeltpersonar eller grupper av personar i ein krisesituasjon.

Kontakt

Anett Munch Oen
Leiar psykososialt kriseteam
Mobil 90 25 02 07