Rådgjevande eining for russaker

Rådgjevande eining for russaker

Stortinget vedtok 7. juni 2021 ny §3-9 b i lov om kommunale helse- og omsorgstenester (hol.), om etablering av rådgjevande eining for russaker i kommunane. Eininga skal ha ansvaret for å møte personar når oppmøte i eininga er satt som vilkår for ein bestemt strafferettsleg reaksjon, inkludert gjennomføring av ruskontroll etter straffeloven §37 første ledd bokstav d, dersom det er sett som vilkår.

Oppgåver knytt til rådgjevande eining for russaker

Eininga si primære oppgåve er å gje oppfølging, råd og rettleiing til personar som er ilagt møteplikt, samt utføre ruskontroll dersom dette er sett som vilkår. Eininga kan kan tilby individuell oppfølging om ønskjeleg.

Organisering i Stad kommune

Den rådgjevande eininga for russaker i kommunen kan organiserast slik kommunen sjølv finn det føremålstenleg. I Stad kommune er den lagt til Psykisk helse- og rusteneste, med ei todeling av ansvaret:

  • Psykisk helse- og rusteneste har ansvar for oppfølging, råd og rettleiing.
  • Legekontor på Nordfjordeid og i Selje har ansvar for den praktiske gjennomføringa av rustestar.

Meir informasjon

Kontakt

Marie Bakke
Avdelingsleiar psykisk helse og rus
E-post
Telefon 400 22 692
Hilde Kvalheim
Ruskoordinator/Psykisk helse- og rusteneste
E-post
Telefon 906 70 628