Informasjon om sakshandsaming

Målsetting for helse- og omsorgstenestene i Stad kommune

Hovudmålet til den kommunale helse- og omsorgssektoren er å gje tenester med god kvalitet gjennom brukardeltaking og kompetente medarbeidarar, kombinert med at tenestene blir gjeve innanfor økonomiske rammer.

Kommunen ynskjer flest mogleg gode leveår for alle, og reduserte sosiale forskjellar i befolkninga. Helse og omsorgstenestene i kommunen skal ut frå gitte rammer, langsiktig og heilheitleg planlegging, god nytte av kompetanse og fleksibelt ressursbruk, arbeide for å yte riktige tenester på riktig nivå. Eit likeverdig tenestetilbod og den enkelte brukars behov for tenester skal stå i fokus. Tenestene skal gjennom gjensidigheit, bidra til økt livskvalitet og eigenmestring der målet er at alle kan bu i eigen heim så lenge som mogleg.

For å handsame alle søknadane om tenester i kommunen har ein sett saman eit team som består av 3 sakshandsamarar og ein leiar.  Desse har også ansvar for utskrivingsklare pasientar til kommunen måndag-fredag 08.00-15.30. 

Info.brosjyre til deg som har behov for tenester (nettversjon)
Info.brosjyre til deg som har behov for tenester (PDF, 2 MB) (pdf for utskrift)

Tenestestandard Stad kommune

Saman med sentrale føringar er dette dokumentet meint å vere rettleiande for kommunen sine innbyggarar og tilsette. Målet er å skape ei felles forståing for nivået på tenestene som vert ytt med bakgrunn i myndigheitskrav, politisk prioritering, faglege og juridiske vurderingar.

Ein tenestestandard er å forstå som ei skildring av omfang og innhald i ei teneste. Standardane skal vidare seie noko om formålet med tenesta, samt målgruppe og vilkår for tildeling. Dei skal også seie noko om kva tenestemottakarane kan forvente seg av kommunen, og kva kommunen kan forvente av tenestemottakarane.

Stad kommune sin tenestestandard

Søknad

Du nyttar søknadsskjema for helse- og omsorgstenester i Stad kommune. I søknaden skriv du kva du treng hjelp til. 

Her kan du søkje helse- og omsorgstenester

Søknad om helse- og omsorgstenester papirutgåve (PDF, 150 kB)

 

Her kan du lese tenestestandard for Stad kommune (PDF, 956 kB) i pdf

Artikkelliste

Kontakt

Sakshandsamarteamet
Telefon 94 81 65 15
Annette Hovden
Einingsleiar Heimetenesta
E-post
Mobil 45 47 84 72