Tenestestandard for Stad kommune

1.0 Tenester i helse og omsorg 

Ein tenestestandard er å forstå som ei skildring av omfang og innhald i ei teneste. Standarden skal seie noko om formålet med tenesta, samt kva målgruppa og vilkåra for tildelinga er. Den skal også seie noko om kva tenestemottakarane kan forvente seg av kommunen, og kva kommunen kan forvente av tenestemottakarane.

Saman med sentrale føringar er dette dokumentet meint å vere rettleiande for kommunen sine innbyggarar og tilsette. Målet er å skape ei felles forståing for nivået på tenestene som vert ytt med bakgrunn i myndigheitskrav, politisk prioritering, faglege og juridiske vurderingar.

2.0 Målsetting for helse- og omsorgstenestene i Stad kommune

Hovudmålet til den kommunale helse- og omsorgssektoren er å fremje helse i alt vi gjer. Stad kommune ynskjer flest mogleg gode leveår for alle, og reduserte sosiale forskjellar i befolkninga. Helse- og omsorgstenestene i kommunen skal arbeide for å yte riktig tenester på riktig nivå, ut frå gitte rammer, langsiktig og heilskapleg planlegging, god nytte av kompetanse, samt fleksibelt ressursbruk. Eit likeverdig tenestetilbod og den enkelte brukars behov for tenester skal stå i fokus.

Modell for overordna helsemål og innsatsområde - Klikk for stort bileteFigur 1: Henta frå stad kommune sin kommunedelplan for helse- og omsorg 2023-2035

Den største utfordringa for helse- og omsorgstenestene er auka i tal eldre over 80 år, saman med mangel på arbeidskraft. Utfordringane vi som samfunn står ovanfor gjelder oss alle, og i Stad vil vi oppleve desse sterkare fordi vi er ei kommune i distriktet.

Kommunen har ei viktig rolle i å bidra til å utvikle samfunnet vårt på ein måte som møter utfordringane på ein formålstenleg måte, i eit heilskapleg og langsiktig perspektiv. Kommunedelplan for helse og omsorg skal bidra til å ta Stad i riktig retning, og ein kan lese denne i si heilskap her: Innleiing (framsikt.net)


2.1 Ord og uttrykk

  • Tenestemottakar – den som får tenester
  • Tenesteytar – kommunalt tilsette som utfører tenester
  • Omsorgsytar - Føresette og pårørande som yter omsorg
  • KPR – Kommunalt pasient- og brukarregister, lovpålagt kartlegging av funksjon.
  • IPLOS – individbasert pleie- og omsorgsstatistikk
  • Ansvarsgruppe – møtepunkt med brukar på tvers av fag – og sektorgrenser
  • Individuell plan – overordna plan for å koordinere tenestene for brukaren
  • Koordinator – ansvarleg for individuell plan og leiing av ansvarsgruppe


2.2 Kommunen sitt ansvar

Kommunane har eit overordna ansvar for organisering og fordeling av heilskaplege koordinerte helse- og omsorgstenester lokalt i sin kommune. Den kommunale helse- og omsorgstenesta er underlagt ei rekke lover og forskrifter, og dei mest sentrale er:

Pasient- og brukarrettigheitslova som gir pasient og brukar rett til naudsynte helse- og omsorgstenester, samt rett til medverking og eit verdig tenestetilbod.

Helse- og omsorgstenestelova som gir kommunen plikt til å yte helse- og omsorgstenester til alle som oppheld seg i kommunen.

Helsepersonellova som skal bidra til sikkerheit for pasientar, og kvalitet i helse- og omsorgstenesta.

Folkehelselova som styrka kommunane sitt ansvar for førebyggande og helsefremjande arbeid i alle samfunnssektorar.

Forvaltningslova som regulerer forvaltninga, og gjeld for saksbehandling til dei tenester der det fattast vedtak.

Offentleglova som regulerer kva dokument som skal være offentleg slik at offentleg verksemd er mest mogleg open og gjennomsiktig.

Lokal forskrift om tildeling av helse- og omsorgstenester og langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad.

Kvart tenestekapittel nemner aktuelle lovheimlar, og desse vert også gjengjevne i alle vedtak.
 

2.3 Helsetrappa i Stad kommune

Helsetrappa i Stad kommune er bygd etter BEON-prinsippet (Beste Effektive Omsorgs Nivå), og er politisk og administrativt forankra. BEON-prinsippet går ut på at tenestetilbodet gis på eit lågast mogleg omsorgsnivå med fokus på brukar sine eigne ressursar, og at hjelpa skal være til sjølvhjelp. Målet er at personar skal oppretthalde størst mogleg grad av eigenmeistring og livskvalitet, og at reduksjon i funksjonsnivå skal kunne betrast ved at dei rette hjelpetiltaka settast inn. Pårørande og nettverk er ein viktig ressurs og skal, der brukar sjølv ynskjer det, være med som ein del av kartlegginga.

Illustrasjon som viser helsetrappa i Stad - Klikk for stort bileteFigur 2: Helsetrappa i Stad kommune


Helsetrappa (omsorgstenestenivåa) er ei bevisstgjering av tiltakskjeda, samtidig som den tydeleggjere kva tenester kommunen har og kva tenester som bør utviklast eller etablerast. Det er ulikt frå kommune til kommune kor mange nivå ein har for tenestetilboda.

Bruk av helsetrappa vektlegg eigenmeistring, og støttar opp under brukar og pårørande sine eigne ressursar. Den representera ei grunnhaldning om at helse- og omsorgstenester i all hovudsak skal gis i heimen til brukaren, ut frå kva som er viktig for den enkelte. Ressursinnsatsen skal rettast mot tidleg innsats og lågast mogleg nivå i helsetrappa.

3.0 Sakshandsaming ved søknadar om helse- og omsorgstenester i Stad kommune

Søknad om helse- og omsorgstenester skal handsamast etter gjeldande lover, regler, forskrifter, politiske føringar og i samarbeid med søkjar. Stad kommune har eit sakshandsamarteam som handsamar søknadar om helse – og omsorgstenester. Det vert vidare presentert kva som leggast til grunn for tildeling av tenester, korleis sakshandsaminga førgår, kva kommunale skjønnsutøvinga som vert tekne omsyn til, samt korleis ein handtera klager.
 

3.1 Grunnlag for tildeling

Stad kommune ønskjer å:

  • Sikre søkjar ei individuell og tverrfagleg vurdering av behov for helse- og omsorgstenester.
  • Tildele rett hjelp, til rett tid, på rett stad, i rett mengde, med mål om å støtte opp om den einskilde sine eigne ressursar og eiga meistringsevne i kvardagen, både i og utanfor heimen.
  • Hjelpe tenestemottakar til å bu lengst mogleg i eigen bustad.
  • Tildele tenester i tråd med beste effektive omsorgsnivå (BEON), innanfor gitte økonomiske rammer. 
     

3.2 Sakshandsaming i Stad kommune

  • Søkjar må bu eller opphalde seg i den kommunen det vert søkt hjelp i.
  • Søknaden må vere signert av søkjar, evt. med fullmakt dersom andre skal søkje på vegne av søkjar.
  • Ein søknad kan vere både munnleg og skriftleg. Mange vert meldt til kommunen etter sjukehusinnlegging, andre via fastlege, ansvarsgruppemøter eller andre.
  • Sakshandsamar i kommunen tek kontakt med søkjar/tenestemottakar for kartleggingssamtale seinast fire veker etter at søknad er mottatt.
  • Det vert gjennomført IPLOS – kartlegging i samarbeid med søkjar/pårørande. Behovet for supplerande kartlegging vert vurdert i kvart enkelt tilfelle.
  • All datainnsamling vert dokumentert og teken med i vurderinga av tenestebehov.
  • Søknadar og personlege opplysningar vert behandla konfidensielt, og er omfatta av teieplikta.
  • Søkjar/tenestemottakar skal i møte med helse- og omsorgstenestene få god informasjon om tenester, rettar og plikter, samt god service prega av tilgjengelege og imøtekomande personell.
  • Ved behov for nødvendig helsehjelp etter sjukehusinnlegging eller akutt behov for nødvendig helsehjelp utan sjukehusinnlegging, vil kommunen vurdere kva tiltak/tenester som skal bli ytt.
  • Vedtak om tenester vert evaluert jamleg. Ved endring av behov skal tenestemottakar gje melding til kommunen.
     

3.3 Kommunal skjønnsutøving

  • Kommunen skal samarbeide med og ta omsyn til søkjar sine ønskjer og synspunkt. Kommunen må likevel forvalte og tildele tenester ut frå den totale kapasiteten. Dette betyr at ved behov for omsorgsbustadar, langtidsopphald i institusjon, korttidsopphald, avlastningsopphald vert det tildelt tenesta der det er ledig kapasitet uavhengig av geografisk område.
  • Kva tenester som kommunen pliktar å gje kjem fram i Lov om kommunale helse og omsorgstenester m.m. § 3-2, og det vil vere naturleg at tenestetilbodet gis med utgangspunkt i denne paragrafen.
  • Når ein person har rettskrav på nødvendige kommunale tenester, betyr det ikkje at ein har rettskrav på ein bestemt type teneste. Til dømes har ein ikkje krav på ein institusjonsplass dersom kommunen kan gje forsvarleg hjelp i heimen.
  • Kommunen kan og ta omsyn til å vektlegge økonomiske og administrative forhold, samt ta omsyn til eigen ressurs- og personalsituasjon ved val av tildeling av type tenester og organisering av desse.
     

3.4 Handsaming av klager

  • Dersom du er ueinig i vedtaket kan du klage på dette.
  • Du har klagerett dersom du er pasient eller brukar.
  • Klager på vegner av andre utan fullmakt vert avvist. Advokat treng ikkje fullmakt.
  • Dersom den som mottar vedtaket har manglande samtykkekompetanse kan dei under klage:
    - Helsepersonell kan klage på vegner av pasienten utan skriftleg samtykke.
    - Nærmaste pårørande eller verje kan klage ved antatt fullmakt frå pasient.
    - Klage frå andre slektningar enn nærmaste pårørande vert avvist.
    - Pasient har klagerett sjølv utan samtykkekompetanse.
     
  • Klagen må setjast fram innan klagefristen går ut.
  • Klagen bør vere skriftleg.
  • Klagen må innehalde kva vedtak det vert klaga over. 
  • Klage skal sendast til kommunen, og vil på nytt bli handsama av sakshandsamar vurdert i tildelingsnemnda.
  • Dersom kommunen avviser klagen skal dette skje skriftleg.
  • Vert det ikkje gjeve medhald i klagen, skal klagen snarast sendast til Statsforvaltaren. Saka skal då innehalde alle dokument i saka, samt tildelingseininga sakshandsamar i kommunen si eiga vurdering av klagen.
  • Sjølv om det vert gjeve delvis medhald i klagen, skal den sendast til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd. Det skal utsettast igangsetting under klagebehandling. Dette vil seie at du ikkje vil få tenester medan klaga blir behandla.

4.0 Oversikt over tenester

I dette kapittelet er det presentert ei oversikt over tenestene som vert saksbehandla og tildelt i Stad kommune.

4.1 Aktivitetstilbod

AKtivitetstilbod
Teneste Aktivitetstilbod  
Lovheimel   Dette er ikkje ei lovpålagt teneste, men tenesta inngår som ein del av tenestetilbodet for personar som treng særskild tilrettelegging.   
Klageveg   Lov om pasient- og brukarrettigheiter §§ 7-2, 7-3, 7-5 og 7-7.  
KPR/IPLOS-registrering   Ja. IPLOS-tenestetype 4: Dagaktivitetstilbod  
Eigenbetaling   Denne tenesta er gratis.  
Føremål   §  Oppleve ein strukturert og meiningsfull kvardag  §  Vere deltakar i ein sosial samanheng  §  Oppleve samhald og fellesskap  §  Førebygge isolasjon og einsemd  
Kriterium for tildeling   §  Tildeling av tenesta skjer på bakgrunn av munnleg søknad  §  Med behov for særskilt tilrettelagd tilbod  §  Søkjar må ha behov for tilrettelegging/trening/aktivisering og/eller vedlikehald av ferdigheiter   
Praktiske opplysningar   §  Kommunen har høve til å avgrense tilbodet etter faglege vurderingar  §  Tilbodet vil kunne variere §  Du er i eit fellesskap med andre §  Felles måltid §  Tilbod ved helg- og høgtidsdagar  
Oppgåver som tenesta ikkje inkluderer   §  Transport til og frå  §  Ta med andre personar som ikkje har avtale 
Forventingar til tenesteytar   §  Tenesteytar opptrer på ein respektfull måte §  Legge til rette for at tenestemottakar får den særskilde tilrettelegginga hen har behov for  §  Registrer rett eigenbetaling i Profil  
Forventingar til tenestemottakar   §  Gjer seg kjend med innhaldet i vedtaket §  Kjem med reint tøy og er positivt innstilt til fellesskapa §  Ha respekt for med deltakarar  
Merknad   §  Per i dag er dette tilbodet berre etablert i tenesta for psykisk helse og rus.  

4.2 Avlastning i institusjon

Avlastning i institusjon
Teneste Avlastning i institusjon 
Lovheimel   Lov om pasient- og brukarrettigheiter § 2-1 og § 2-8, jfr. Lov om kommunale helse- og omsorgstenester § 3-1, første ledd, jfr § 3-6 nr 2.  
Klageveg   Lov om pasient- og brukarrettigheiter §§ 7-2, 7-3, 7-5 og 7-7.  
KPR/IPLOS-registrering   Ja.  IPLOS-tenestetype 8: Avlastning i institusjon
Eigenbetaling   Tenesta er gratis (inkludert transport til/frå avlastning). 
Føremål   Å avlaste personar og familiar som har eit særleg tyngande omsorgsarbeid, slik at tenestemottakaren kan bu lengst mogeleg i eigen heim.  
Kriterium for tildeling   §  Kommunen tildeler tenester på bakgrunn av søknad.   §  Tilbodet er for personar og familiar som har eit særleg tyngande omsorgsarbeid. §  Omsorgsytar må ha så omfattande oppgåver at det er nødvendig med avlasting for at vedkommande skal kunne makte å halde fram med omsorgsarbeidet. §  Avlasting vil kunne førebyggje meir omfattande hjelp frå kommunen. §  Tenestemottakar kan ikkje vere åleine heile eller delar av døgnet, slik at det gjev avgrensa moglegheit til nødvendig og regelmessig ferie og fritid for omsorgsytaren. §  Som hovudregel skal ein ha prøvd ut andre avlastande tiltak i heimen som til dømes auka heimetenester før ein får tildelt avlastningsopphald. §  Omsorgsbehovet kan vere av fysisk, psykisk eller sosial karakter.  §  Personar med samtykkjekompetanse må sjølv ynskje tenesta.  
Praktiske opplysningar   §  Avlastinga er tidsavgrensa. Kan bli gitt rullerande.   §  Frekvensen for rullering må vurderast opp imot behov for langtidsopphald.  §  Tenestemottakar må sjølv betale for aktivitetar som ikkje skjer i regi av institusjonen.  §  Den som tek imot avlastningsopphald må ha med seg nødvendig personleg utstyr, medisin og hjelpemiddel.  §  Omfang og innhald av tenesta vert individuelt tilpassa etter avtale med tenestemottakar. Kommunen har høve til å avgrense tilbodet, etter faglege vurderingar.  
Oppgåver som tenesta ikkje inkluderer   §  Tilbodet inneheld ikkje utgreiing, behandling og rehabilitering.  §  Medisin.
Forventingar til tenesteytar   §  Tenesteytar opptrer på ein respektfull måte. §  Legg til rette for at tenestemottakar får pleie og omsorg som støttar opp under eigenomsorg og eigne ressursar.  
Forventingar til tenestemottakar   §  Gjer seg kjend med innhaldet i vedtaket  §  Utfører sjølv det han/ho meistrar  §  Sørgjer for at private kle er merka med namn  

4.3 Avlastning barn

Avlastning barn
Teneste Avlastning barn 
Lovheimel   Lov om kommunale helse- og omsorgstenester § 3-6, pkt 2. 
Klageveg   Lov om pasient- og brukarrettigheiter § 7-2. 
KPR/IPLOS-registrering   Ja. IPLOS-tenestetype 7: Avlastning utanfor institusjon IPLOS-tenestetype 8: Avlastning i institusjon  
Eigenbetaling   Tenesta er gratis (inkludert transport til/frå avlastning).
Føremål   Å avlaste føresette som har eit særleg tyngande omsorgsarbeid for barn under 18 år.  
Kriterium for tildeling   §  Kommunen tildeler tenester på bakgrunn av søknad.   §  Tilbodet er for føresette og familiar som har eit særleg tyngande omsorgsarbeid. §  Omsorgsbehovet er slik at det gir avgrensa moglegheit til nødvendig og regelmessig ferie og fritid for føresette og familiar.  §  Omsorgsbehovet er av fysisk, psykisk eller sosial karakter, og må vere større enn det som er normalt for barnet sin alder.  §  Avlasting vil kunne førebyggje meir omfattande hjelp frå kommunen. §  Avlastning vurderast opp mot andre tenester og tiltak som kan avlaste omsorgsytar. §  Barn over 12 - år skal ha ein uttalerett for kva dei ønskjer.  
Praktiske opplysningar   §  Den omsorgstrengande må ha med seg personleg nødvendig utstyr, medisinar og hjelpemiddel som brukast dagleg. §  Avlastning kan skje i og utanfor institusjon.  
Innhald i tenesta   §  Kommunen vurderer avlastning opp mot andre tenester og tiltak. §  Avlastningstiltaket gjeld i utgangspunktet ikkje på høgtidsdagar. §  Føresette må søkje spesielt om avlastning på dagar der skule og barnehage er stengt.  §  Det gis tilpassa hjelp til den omsorgstrengande etter fagleg og individuell vurdering.  
Forventingar til tenesteytar   §  At det vert ytt ei forsvarleg og god omsorgsteneste. §  Legg til rette for at den omsorgstrengande får bistand og omsorg, og aktivitet som er tilpassa funksjonsnivået.  §  Opptre på ein respektfull måte. §  Utarbeide tidfesta plan for avlastning. §  Utpeike kontaktperson eller primærkontakt til brukar.  
Forventingar til tenestemottakar, pårørande, omsorgsytar     §  At ein gjer seg kjent med innhaldet i vedtaket. §  At ein er ansvarleg for verdigjenstandar og utstyr til fritidssysler som vert teken med.  

4.4 Brukarstyrt personleg assistanse

Brukarstyrt personleg assistanse
Teneste Brukarstyrt personleg assistanse  (BPA) 
Lovheimel   Pasient- og brukarrettigheitslova § 2-1 og d.  Lov om kommunale helse- og omsorgstenester § 3-1, første ledd, jfr. § 3-8 «brukarstyrt personleg assistanse».
Klageveg   Lov om pasient- og brukarrettigheiter §§ 7-2, 7-3, 7-5 og 7-7.
KPR/IPLOS-registrering   Ja. IPLOS-tenestetype 3: Brukarstyrt personleg assistanse 
Eigenbetaling   Etter Forskrift om eigenandel for kommunale helse- og omsorgstenester kapittel 2 har kommunen heimel til å krevje eigenbetaling for praktisk bistand og opplæring, herunder for brukarstyrt personleg assistanse, som ikkje er til personleg stell og eigenomsorg.  
Føremål   §  Bidra til at tenestemottakar får leve og bu sjølvstendig i eigen heim.  §  Bidra til at tenestemottakar kan ha eit aktivt og meiningsfylt liv til tross for sin funksjonshemming.  §  Bidra til at familiar med barn med nedsett funksjonsevne  kan oppleve størst mogleg grad av likeverd, likestilling og samfunnsdeltaking.  
Kriterium for tildeling   §  Tenestemottakar må ha eit langvarig (over 2 år) og stort behov (minst 32 timar pr veke) for personleg assistanse. §  Tildeling av teneste skjer på bakgrunn av søknad som vert handsama av tildelingsnemnda og som resulterer i einskildvedtak.      §  Personar med samtykkjekompetanse må sjølv ynskje  tenesta.    §  Ordninga omfattar ikkje helsetenester.   §  Tenesta ytast vanlegvis i staden for tradisjonelle helse- og omsorgstenester eller praktisk bistand.  §  Tenestemottakar må vere under 67 år for å få tildelt tenesta.  §  Brukarar med eit tenestebehov mellom 25 og 32 timar pr veke kan også ha rett til BPA, med mindre kommunen kan dokumentere at slik organisering vert vesentleg meir kostnadskrevjande enn andre tenester.  
Praktiske opplysningar   §  Rolla som arbeidsleiar vert ikkje løna.   §  Kommunen er ansvarleg for kvaliteten i tenestene inkl. at det er eit forsvarleg arbeidsmiljø, og etablerer difor tilsynsordning i kvar einskild sak.  §  Tenesta vert vurdert saman med og/eller i staden for andre tenestetilbod.  
Oppgåver som tenesta ikkje inkluderer   §  Retten omfattar ikkje tenester som krev fleire enn ein tenesteytar til stades eller nattenester, med mindre brukaren kontinuerleg har behov for slike tenester.  §  Retten omfattar ikkje hjelp i høve skule og arbeid. Nav har ansvar for å tilby støtteordningar i høve skule og arbeid.   §  Personar som får tildelt teneste må være i stand til å ta arbeidsleiarrollen eller ha ein nærståande person som kan vere arbeidsleiar.  §  Retten gjeld så lenge tenestemottakar oppheld seg i kommunen.  
Forventingar til tenesteytar   §  Tenesteytar har eit system for årleg kontroll og oppfølging av BPA- tenesta til einskilde tenestemottakarar, inkludert kontroll av privat BPA-leverandør §  Yte bistand til å skaffe personlege assistentar    §  Tenesteytar opptrer på ein respektfull måte i brukar sin heim  
Forventingar til tenestemottakar   §  Gjer seg kjend med innhaldet i vedtaket.  §  Tenestemottakar eller anna medhjelpar tek på seg ansvaret som arbeidsleiar, og har dermed også ansvar for organisering og administrering av tenesta i tråd med rammer i vedtak og lova sitt føremål.  §  Arbeidsleiar signerer avtale med Stad kommune og leverandør om ansvarsfordeling og oppgåver. §  Tenestemottakar eller annan som kommunen godkjenner må ha evne til å kunne ta på seg rolla som arbeidsleiar.   §  Heimen er tilrettelagt for at assistenten får eit godt arbeidsmiljø, og eventuelt tek initiativ til eller tek i mot hjelp til utbetring av bustad. §  At kommunen får tilstrekkeleg med innsikt i BPA-ordninga for å kunne kontrollere at tenestetilbodet er fagleg forsvarleg og at ekstern leverandør følgjer gjeldande lovverk.  

4.5 Omsorgsbustad

Omsorgsbustad
Teneste Omsorgsbustad
Lovheimel   Lov om kommunenes ansvar på det boligsosiale feltet § 6. Lov om pasient- og brukarrettigheiter 2-1.  
Klageveg   Lov om pasient og brukarrettigheiter § 7-2. Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker § 28 - 34.  
KPR/IPLOS-registrering   Ja. IPLOS-tenestetype 29: Bustad som kommunen disponerer for helse – og omsorgsformål  
Eigenbetaling   Husleigesatsane vert justert årleg i kommunestyrevedtak om gebyr og betalingssatsar i Stad kommune. Satsane finn du på www.stad.kommune.no.  
Føremål   Formålet med omsorgsbustader at bebuarar med nedsett funksjonsnivå kan ha eit mest mogleg sjølvstendig liv.  
Kriterium for tildeling   §  Tildeling av teneste skjer på bakgrunn av søknad som vert handsama av tildelingsnemnda og som resulterer i einskildvedtak.    §  Personar med samtykkjekompetanse må sjølv ynskje tenesta.   §  Søkjar har helsesvikt og/eller er fysisk eller psykisk funksjonshemma i den grad at behov for omsorgsbustad vert vurdert som aktuelt. §  Tenestemottakar har vurdert nødvendige utbetringar av eigen bustad, men bustaden kan i liten grad tilpassast. §  Tenestemottakar har prøvd å kjøpe eller leige funksjonell bustad på den private marknaden, men at dette ikkje har ført fram §  Tildeling av omsorgsbustad kan hindre eller utsetje behov for institusjonsopphald, og gje søkjar auka sjølvstende i eigen kvardag. §  Kan tildelast mellombels dersom dette kan betre tenestemottakar si funksjonsevne slik at han kan flytte tilbake til eigen heim.  
Praktiske opplysningar   §  Omsorgsbustad kan bli tildelt for eit avgrensa tidsrom.  §  Leigeforholdet vert regulert av Husleigelova.  §  Leigeavtale vert inngått med kommunen.   §  Leigetakar kan søke bustønad.  §  Tenestemottakar må sjølv møblere bustaden og ha eiga innbuforsikring.  §  Tenestemottakar må sjølv melde flytting til Folkeregisteret, Posten, mm.  §  Dersom du får tildelt ein bustad på bakgrunn av din ektefelle sin helsesituasjon, vil ein gjere ei ny vurdering i høve behov for omsorgsbustad viss helsesituasjonen endrar seg. §  Nedvask etter utflytting vert utført av kommunen og er obligatorisk, og vert fakturert. §  Alle kommunale bustadar er røykfrie.  
Oppgåver som tenesta ikkje inkluderer   §  Inn og utflytting av omsorgsbustader.  §  Dagleg vedlikehald som reinhald, skifte av lyspærer m.m. som er knytt til normal slitasje/forbruk.  §  Ved renoveringar på grunn av øydeleggingar, røyking og anna må ein pårekna seg kostnad knytt til dette.  
Forventingar til tenesteytar   §  Tenesteytar opptrer respektfullt i møte med tenestemottakar.  
Forventingar til tenestemottakar   §  Tenestemottakar opptrer respektfullt i møte med tenesteytar. §  Ikkje røyker innandørs. §  Gjer seg kjend med vedtak. §  Har prøvd å skaffe bustad på den private marknaden. §  Har søkt å utbetre eigen bustad i den grad dette er mogleg.  

4.6 Bemanna omsorgsbustad

Bemanna omsorgsbustad (HDO)
Teneste Bemanna omsorgsbustad  (HDO - heildøgns omsorg)
Lovheimel   Lov om kommunale helse og omsorgstenester § 3-2a. Lov om pasient- og brukarrettigheiter 2-1 og 2-1e.  
Klageveg   Lov om pasient og brukarrettigheiter § 7-2 Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker § 28 - 34.  
KPR/IPLOS-registrering   Ja. IPLOS-tenestetype 29: Bustad som kommunen disponerer for helse – og omsorgsformål.  
Eigenbetaling   Husleigesatsane vert justert årleg i kommunestyrevedtak om gebyr og betalingssatsar i Stad kommune. Satsane finn du på www.stad.kommune.no.  
Føremål   Formålet med tenesta er at bebuarar med nedsett funksjonsnivå, som treng personale tilgjengeleg heile døgnet, kan ha eit mest mogleg sjølvstendig liv.  
Kriterium for tildeling   §  Tildeling av teneste skjer på bakgrunn av søknad som vert handsama av tildelingsnemnda og som resulterer i einskildvedtak. §  Personar med samtykkjekompetanse må sjølv ynskje tenesta. §  Søkjar har helsesvikt og/eller er fysisk eller psykisk funksjonsnedsetjing i den grad at behov for omsorgsbustad vert vurdert som aktuelt. §  Tenestemottakar har vurdert nødvendige utbetringar av eigen bustad, men bustaden kan i liten grad tilpassast. §  Tildeling av bemanna omsorgsbustad kan hindre eller utsetje behov for institusjonsopphald, og gje søkjar auka sjølvstende i eigen kvardag. §  Har behov for tilgjengeleg personell heile døgnet. §  Kan tildelast mellombels dersom dette kan betre tenestemottakar si funksjonsevne slik at hen kan flytte tilbake til eigen heim.  
Praktiske opplysningar   §  Leigeforholdet vert regulert av Husleigelova.  §  Leigeavtale vert inngått med kommunen.   §  Leigetakar kan søke bustønad.  §  Tenestemottakar må sjølv møblere bustaden og ha eiga innbuforsikring.  §  Tenestemottakar må sjølv melde flytting til Folkeregisteret, Posten, m.m.  §  Dersom du får tildelt ein bustad på bakgrunn av din ektefelle sin helsesituasjon, vil ein gjere ei ny vurdering i høve behov for tenesta dersom endra behov eller ektefelle fell frå.  §  Tenestemottakar som har rett til bustad tilgjengeleg personale heile døgnet kan bli sett på venteliste dersom det ikkje er plass.  §  Nedvask etter utflytting vert utført av kommunen og er obligatorisk, og vert fakturert. §  Alle kommunale bustadar er røykfrie.  
Oppgåver som tenesta ikkje inkluderer   §  Inn og utflytting av omsorgsbustader.  §  Ved renoveringar på grunn av øydeleggingar, røyking og anna må ein pårekna seg kostnad knytt til dette.
Forventingar til tenesteytar   §  Tenesteytar opptrer respektfullt i møte med tenestemottakar. 
Forventingar til tenestemottakar   §  Tenestemottakar opptrer respektfullt i møte med tenesteytar. §  Ikkje røyker innandørs. §  Gjer seg kjend med vedtak. §  Har prøvd å skaffe bustad på den private marknaden.  §  Har søkt å utbetre eigen bustad i den grad dette er mogleg.  

4.7 Dagaktivitetstilbod for personar med demenssjukdom

Dagaktivitetstilbod for personar med demens
Teneste Dagaktivitetstilbod for personar med demenssjukdom 
Lovheimel   Lov om pasient- og brukarrettigheiter § 2-1, jfr. Lov om kommunale helse- og omsorgstenester § 3-1, første ledd, jfr § 3-2 nr 7   
Klageveg   Viser til Lov om pasient- og brukarrettigheiter §§ 7-2, 7-3, 7-5 og 7-7. 
KPR/IPLOS-registrering   Ja. IPLOS-tenestetype 4: Dagaktivitetstilbod 
Eigenbetaling   Det vert kravd eigenbetaling for tenesta.
Føremål   §  Bidra til at brukar kan bu lengst mogleg i eigen heim.  §  Bidra til å trygge kvardagen til personar med demenssjukdom. §  Gje avlastning til pårørande. §  Førebyggje einsemd, sosial trening og helsefremjande tiltak.  
Kriterium for tildeling   §  Personar med samtykkjekompetanse må sjølv ønskje tenesta. §  Må vere heimebuande. §  Må ha fått eller er under utgreiing for ein demensdiagnose. §  Må ha behov for rettleiing/trening/aktivisering og vedlikehald av ferdigheiter. §  Pårørande har særleg tyngande omsorgsarbeid. §  Tenesta gjeld ikkje for personar som bur i institusjon eller bemanna omsorgsbustad.  
Praktiske opplysningar   §  Det kan vere hjelp til eigenomsorg og aktivisering. §  Det blir arrangert turar i nærområdet. §  Det blir utført individuelt tilpassa aktivitetar.  §  Du er i eit fellesskap med andre.  §  Felles måltid.  §  Opningstider 9-15 på kvardagar. Stengt alle heilagdagar.  §  Middag og kaffi/kaffimat er inkludert i prisen. §  Det er organisert felles transport til og frå dagaktivitetstilbodet for dei som har behov for det. §  Det vert kravd eigenbetaling for transport. §  Ved behov for frukost vert det kravd eigenbetaling.   
Forventingar til tenesteytar   §  Tenesteytar møter brukarane med respekt og forståing.  §  Tilbodet vert tilrettelagt slik at den enkelte føler meistring i dei arbeidsoppgåvene dei gjer.  
Forventingar til tenestemottakar   §  Tenestemottakar opptrer respektfullt i møte med tenesteytar.  §  Gjere seg kjend med innhaldet i vedtaket.  §  Gje beskjed dersom ein ikkje kan møte opp til avtalt tid.   
Merknad   §  Dagsenteret er lokalisert ved Hogatunet bu og behandlingssenter.  

4.8 Dag eller nattopphald i institusjon

Dag og nattopphald i institusjon
Teneste Dag eller nattopphald i institusjon
Lovheimel   Lov om pasient- og brukarrettigheiter § 2-1, jfr.  Lov om kommunale helse- og omsorgstenester § 3-1, første ledd, jfr § 3-2 nr 5.  
Klageveg   Lov om pasient- og brukarrettigheiter §§ 7-2, 7-3, 7-5 og 7-6. 
KPR/IPLOS-registrering   Ja. IPLOS-tenestetype 17: Dagopphald i institusjon IPLOS-tenestetype 22: Nattopphald i institusjon  
Eigenbetaling   Det vert kravd eigenbetaling for tenesta.
Føremål   Tidsavgrensa tilbod til heimebuande, fortrinnsvis eldre personar. Dei må ha eit omfattande hjelpebehov som ikkje kan oppfyllast tilstrekkeleg i eigen heim. Dei kan av helsemessige årsaker ikkje nytte seg av andre tilbod i kommunen og har eit svekka funksjonsnivå.  
Kriterium for tildeling   §  Førebyggje behov for omfattande heimeteneste eller heildøgns institusjonsplass. §  Tenestemottakar må ha eit omfattande hjelpebehov. §  Når pårørande som vanlegvis yter omsorga er vekke på dagtid. §  Behov for tidsavgrensa medisinsk behandling.  
Praktiske opplysningar   §  Individuelt tilpassa brukar sitt behov. §  Tenestemottakar er ansvarleg for transport til/frå opphaldet. §  Dersom tenestemottakar er avhengig av å reise med drosje til/frå kan heimetenesta være behjelpeleg med å bestille transport via pasientreiser. Institusjon kan bestille transport heim.  §  Den som tek imot dag/nattopphald må ha med seg nødvendig personleg utstyr, medisin, hjelpemiddel.  
Oppgåver som tenesta ikkje inkluderer   §  Transport til og frå opphaldet.  
Forventingar til tenesteytar   §  Tenesteytar skal opptre på ein respektfull måte.   §  Legge til rette for at tenestemottakar får pleie og omsorg som støttar opp under eigenomsorg og eigne ressursar.  
Forventingar til tenestemottakar   §  Gjere seg kjend med innhaldet i vedtaket.  §  Brukar utfører sjølv det han/ho meistrar. 

4.9 Fritidskontakt

Fritidskontakt
Teneste Fritidskontakt
Lovheimel   Lov om kommunale helse og omsorgstenester §3-2, 6b Lov om pasient- og brukarrettigheiter §2-1.  
Klageveg   Klage etter lov om pasient- og brukarrettigheiter § 7-2.  
KPR/IPLOS-registrering   Ja. IPLOS-tenestetype 9: Støttekontakt
Eigenbetaling   Det er ikkje krav om eigenbetaling. Tenestemottakar må sjølv dekke utgifter ein har til aktivitetar saman med fritidskontakt, til dømes mat på kafé, treningsstudio m.m.    
Føremål   §  Fritidskontaka har som mål å bryte isolasjon og auke sosialt samvær og deltaking i ulike sosiale, kulturelle eller fysiske aktivitetar. §  Tenesta skal medverke til å auke tenestemottakar si oppleving av livskvalitet gjennom samvær med andre og bidra til ei meiningsfull fritid. §  Fritidskontakt er i utgangspunkt ment som ein oppstart for at du skal etter kvart klare å gjennomføre aktivitetane sjølv.  
Kriterium for tildeling   §  Barn og ungdom prioriterast ved tildeling av fritidskontakttimer. §  Fritidskontakt innvilgast som hovudregel ikkje til personar under 10 år, da denne gruppa sjeldan har et sjølvstendig kultur- og fritidsliv, uavhengig av føresette. §  Ordninga skal ikkje innvilgast på grunn av avlastingsbehov hos pårørande. §  Brukaren må kunne nytte seg av tilbodet i form av deltaking på ulike fritidsaktivitetar. §  Timane skal brukast til deltaking på kultur og fritidsaktivitetar, nettverksbygging, opplevingar og eigenaktivitet. §  Bebuarar på institusjon og bemanna omsorgsbustad prioriterast som hovudregel ikkje ved tildeling av tenesta. §  Personar med 1:1- bemanning innvilgast som hovudregel ikkje fritidskontaktkontakt.  
Praktiske opplysningar   §  Det vert ikkje stilt formelle kvalifikasjonskrav til fritidskontaktar og ordninga skal difor ikkje nyttast til å dekkje krevjande omsorgsbehov. §  Det kan være vanskeleg å rekruttere fritidskontakter. Tenestemottakar kan komme med forslag til personar som kan vere fritidskontakt for seg. §  Det kan vere aktuelt å krevje at tenestemottakar søkjer om ordning med følgjekort. §  Køyring utover tildelt køyregodtgjersle må tenestemottakar betale for sjølv. Stad kommune tilrår at tenestemottakar betalar køyregodtgjersle etter gjeldande sats. §  Tenesta kan også bli organisert i grupper.  
Oppgåver som tenesta ikkje inkluderer   §  Det vert ikkje ytt fritidskontakt til følgjande aktivitetar:  o   Hjelp til lekser o   Praktisk bistand i heimen o   Handling  o   Transport/følge til lege/tannlege  
Forventingar til tenesteytar   §  Fritidskontakta skal opptre respektfullt i møte med tenestemottakar. §  Tenesta vert gitt i tråd med vedtak og kontrakt. §  Fritidskontakt gir melding til tenestemottakar når ein ikkje kan møte til avtalen.  
Forventingar til tenestemottakar   §  Opptre respektfullt i møte med fritidskontakta. §  Tek aktivt del i tiltaket. §  Gir melding til fritidskontakta i god tid når ein ikkje kan møte til avtalar.  

4.10a Temadag for 65+

Temadag for 65+
Teneste Temadag for 65 +
Lovheimel   Tenesta er ikkje heimla i lov. 
Klageveg   Ikkje krav om enkeltvedtak og difor ingen klagegang.
KPR/IPLOS-registrering     Nei.
Eigenbetaling     Det er ikkje krav om eigenbetaling.
Føremål   Føremålet er å fremje god helse og å gje aktuell informasjon slik at kvar einskild innbyggjar kan bu heime lengst mogleg og kan halde fram med ein aktiv og meiningsfylt kvardag.  
Kriterium for tildeling     ·       Innbyggjarar som bur i Stad kommune og som har fylt 65 år i inneverande år.  ·       Innbyggjaren er ikkje mottakar av omfattande helse- og omsorgstenester.  
Praktiske opplysningar     ·       Tenesta vert gjennomført av fysio- og ergoterapitenesta som årleg temadag,  kvar 2. år i Selje og på Nordfjordeid, med informasjon til personar over 65 år.  ·       Tema i samtalen kan vere aldring, bustad, hjelpemiddel og velferdsteknologi, sosialt nettverk, kosthald, fysisk aktivitet, fall- og brannførebygging.  
Forventingar til tenesteytar     ·       Kommunen sender ut informasjon/annonserer med dato, tidspunkt og møtestad for temadag.
Forventingar til tenestemottakar     ·       At innbyggjarane ønskjer å delta på temadagen.  

4.10b Førebyggande og helsefremjande heimebesøk

Førebyggjande og helsefremjande heimebesøk
Teneste Førebyggande og helsefremjande heimebesøk    
Lovheimel   Tenesta er ikkje heimla i lov. 
Klageveg   Ikkje krav om enkeltvedtak og difor ingen klagegang.
KPR/IPLOS-registrering     Nei.
Eigenbetaling     Det er ikkje krav om eigenbetaling.
Føremål   Føremålet er å fremje god helse og å gje aktuell informasjon slik at kvar einskild innbyggjar kan bu heime lengst mogleg og kan halde fram med ein aktiv og meiningsfylt kvardag.
Kriterium for tildeling     ·       Innbyggjarar som bur i Stad kommune over 65 år ·       Innbyggjaren er ikkje mottakar av omfattande helse- og omsorgstenester.
Praktiske opplysningar     ·       Tenesta vert gjennomført av fysio- og ergoterapitenesta som individuelt besøk i heimen til vedkomande. ·       Tema kan vere informasjon om kva ein kan gjere for å bevare funksjonsevne og god helse lengst mogleg, aldring, bustad, hjelpemiddel og velferdsteknologi, sosialt nettverk, kosthald, fysisk aktivitet, fall- og brannførebygging. 
Oppgåver som tenesta ikkje inkluderer     ·       Det vert ikkje utført praktiske helsetenester i dette besøket.  ·       Dersom ein mottek omfattande helse- og omsorgstenester frå før (t.d. brukar i bemanna omsorgsbustadar og på institusjon), vil ein ikkje få tilbod om førebyggande heimebesøk.
Forventingar til tenesteytar     ·       Fysio- og ergoterapitenesta informerer om tenesta via Stad kommune sine nettsider, og gjennomfører heimebesøk når tenesta vert kontakta av innbyggjarar som ønskjer besøk.
Forventingar til tenestemottakar     ·       At innbyggjarar som ønskjer tilbodet, sjølv tek kontakt med fysio- og ergoterapitenesta og avtalar tid for heimebesøk. ·       At innbyggjarane i Stad kommune har fokus på å planlegge for eigen alderdom, for å kunne vere sjølvstendige og ha eit aktivt og meiningsfullt liv så lenge som mogleg.

4.11 Helsetenester i heimen

Helsetenester i heimen
Teneste Helsetenester i heimen
Lovheimel   Lov om pasient- og brukarrettigheiter § 2-1.  Lov om kommunale helse- og omsorgstenester § 3-1, første ledd, jfr § 3-2 nr 6 bokstav a.
Klageveg   Lov om pasient- og brukarrettigheiter §§ 7-2, 7-3, 7-5 og 7-7.  
KPR/IPLOS-registrering   Ja. IPLOS-tenestetype 15: Helsetenester i heimen 
Eigenbetaling   Det vert ikkje kravd eigenbetaling.  
Føremål   §  Akutt eller kronisk sjuke tenestemottakarar får naudsynt helsehjelp i heimen. §  Tenestetilbodet er gitt på rett nivå ut i frå kartlegging av tenestemottakar sitt behov. §  Tenestemottakar skal klare seg i eigen bustad med nødvendig hjelp så lenge dette er fagleg forsvarleg.  
Kriterium for tildeling   § Tenesta kan bli starta opp før det er gjort vedtak dersom behovet for tenesta er akutt. Om tenestebehovet varer lenger enn 14 dagar, skal det fattast enkeltvedtak i saka. § Tildeling av teneste skjer på bakgrunn av søknad og kartlegging av behov. Saka vert handsama av tildelingsnemnda som fattar enkeltvedtak. § Ordninga er behovsprøvd og tenesta vert evaluert. § Personar med samtykkjekompetanse må sjølv ynskje tenesta. § Tenestemottakar har behov for naudsynt helsehjelp for å kunne bu heime. § Tenestemottakar må bu eller opphalde seg i kommunen. § Velferdsteknologiske løysingar som kommunen nyttar, skal være vurdert som første alternativ for tenesteyting. § Det skal vere vurdert om andre tiltak kan bidra til eigenmeistring. Til dømes: Strømpepåtrekker, Droppy eller om søkjar kan oppretta privat multidoseordning gjennom apotek.
Praktiske opplysningar   §  Tenesta kan starte opp før søknad og formell sakshandsaming er på plass, når det oppstår akutte behov. Saka vert då behandla i etterkant. §  Alle som mottar helsetenester i heimen, minst ein gong per veke, i meir enn 3 månader kan ha rett på fri tannbehandling frå offentleg tannklinikk. Dette gjeld også for brukar som får utdelt multidose kvar 14. dag. §  Dersom det oppstår akutte situasjonar i tenesta kan enkelte oppdrag bli utsett eller avlyst. Tenestemottakar vert då varsla om dette.   
Oppgåver som tenesta ikkje inkluderer   §  Fylgje til lege og korttidsopphald på sjukeheim. §  Skyss/transport i bil. §  Handle matvarer. §  Tenester som kan utførast ved legesenter når pasient er mobil (sårstell, blodprøvetaking, urinprøver, injeksjonar mm). §  Som hovudregel vert det ikkje gjeve heimeteneste som tilsyn.  
Forventingar til tenesteytar   §  Tenesteytar opptrer på ein respektfull måte i tenestemottakar sin heim. §  Dersom hjelpa ikkje kan gjevast til avtalt dag/tidspunkt vil tenestemottakar få tilbod om anna dag/tidspunkt. §  Tenesteytar skal ikkje nytte brukaren sitt bankkort for kontantuttak eller varehandel. §  Tenesteytar skal ikkje handtere brukar sine kontantar.  
Forventingar til tenestemottakar   §  Tenestemottakar utfører mest mogleg sjølv. §  Tenestemottakar gjer seg mest mogleg kjend med vedtaket. §  Tenestemottakar opptrer respektfullt i møte med tenesteytar. §  Gje beskjed i god tid på førehand dersom det er ynskje om å avlyse besøket/byte dag. Ved akutte situasjonar må ein gje beskjed så raskt så råd. §  Heimen skal være lagt til rette for at heimetenesta får ein god arbeidsplass etter arbeidsmiljølova. §  Bruk av nøkkelboks er ynskjeleg om det er vanskeleg for tenestemottakar å opne døra sjølv. §  Husdyr skal haldast i trygg forvaring så lenge helsepersonell er i bustad. §  Huset skal være røykfritt så lenge helsepersonell er i bustaden. §  Tillate hjelpemiddel i heimen dersom dette er naudsynt. §  På vinterstid er det tenestemottakarar sitt ansvar at det er brøyta fram til huset slik at tenesteytar kjem fram.  

4.12 Koordinator og individuell plan

Koordinator og individuell plan
Teneste Koordinator og individuell plan
Lovheimel   Lov om kommunale helse- og omsorgstenester i kommunen kap. 7, § 7-1, 7-2.  
Klageveg   Lov om pasient og brukarrettigheitar §7-2.
KPR/IPLOS-registrering   Ja. Tenesta vert IPLOS registrert, men har ikkje eiga tenestetype. 
Eigenbetaling   Det vert ikkje kravd eigenbetaling.
Føremål   Individuell plan er eit hjelpemiddel for å uttrykkje felles forståing mellom brukarar og hjelpeapparatet om behov for tenester og iverksetjing av tiltak.  
Kriterium for tildeling   Tenestemottakar må ha behov for langvarige og koordinerte tenester som varer i meir enn 2 år, eller resten av levetida dersom denne er forventa å være kortare enn 2 år.  
Praktiske opplysningar   §  Teneste er for alle aldersgrupper. §  Tenestemottakar/føresette/verje skal være ein aktiv part i utarbeiding av individuell plan. §  Ansvarsgruppa kan gjennom individuell plan tilrå tiltak og tenester, men det er tildelingsnemnda som gjere endeleg vedtak. §  Det vert oppnemnd koordinator som skal sikre samordning av tenestetilbodet og framdrift i arbeidet med individuell plan. §  Stad kommune nyttar plattforma Samspill.  
Forventingar til tenesteytar   §  Koordinator set i gang arbeidet med individuell plan. §  Innkalling til ansvarsgruppemøte skjer i samarbeid med tenestemottakar og pårørande. §  Det skal som hovudregel haldast minimum eitt årleg møte i ansvarsgruppa, og om du har individuell plan skal den vere oppdatert og bli nytta som verktøy i ansvarsgruppa.  
Forventingar til tenestemottakar   §  Gjere seg kjend med innhaldet i den tildelte tenesta. §  Vere aktiv deltakar i ansvarsgruppa og i utarbeiding av individuell plan.  

4.13 Barnekoordinator

Barnekoordinator
Teneste Barnekoordinator
Lovheimel   Lov om kommunale helse- og omsorgstenester i kommunen kap. 7 §7-2 a. Lov om pasient og brukarrettigheitar § 2-5 c.  
Klageveg   Lov om pasient og brukarrettigheitar §7-2.
KPR/IPLOS-registrering   Ja. Tenesta vert IPLOS registrert, men har ikkje eiga tenestetype. 
Eigenbetaling   Det vert ikkje kravd eigenbetaling.
Føremål   Barnekoordinator er eit hjelpemiddel for å uttrykkje felles forståing mellom brukarar og hjelpeapparatet om behov for tenester og iverksetjing av tiltak.  
Kriterium for tildeling   §  Familiar som har eller ventar born med alvorleg sjukdom, skade eller nedsett funksjonsevne, og som vil ha behov for langvarige og samansette eller koordinerte helse- og omsorgstenester og andre velferdstenester har rett til barnekoordinator. §  Barnet eller ungdommens sjukdom, skade eller nedsette funksjonsevne kan vere av somatisk, psykisk, fysisk, sosial, kognitiv eller sensorisk art. Det er ikkje eit vilkår at barnet har fått ei diagnose.  
Praktiske opplysningar   §  Barnet må vere under 18 år for å ha rett til barnekoordinator. Sjølv om retten opphøyra ved fylte 18 år, kan kommunen velje å tilby barnekoordinator også etter 18 år. §  Tenestemottakar/føresette skal være ein aktiv part i utarbeiding av individuell plan. §  Ansvarsgruppa kan gjennom individuell plan tilrå tiltak og tenester, men det er tildelingsnemnda som gjere endeleg vedtak. §  Det vert oppnemnd barnekoordinator som skal sikre samordning av tenestetilbodet og framdrift i arbeidet med individuell plan. §  Stad kommune nyttar plattforma Samspill.  
Forventingar til tenesteytar   §  Koordinator set i gang arbeidet med individuell plan. §  Innkalling til ansvarsgruppemøte skjer i samarbeid med tenestemottakar og pårørande. §  Det skal som hovudregel haldast minimum eitt årleg møte i ansvarsgruppa, og om du har individuell plan skal den vere oppdatert og bli nytta som verktøy i ansvarsgruppa. §  Barnekoordinator inneber ei utvida koordinatorordning når det innvilgast, fordi familien er rettigheitssubjektet, ikkje berre pasienten eller brukaren.  
Forventingar til tenestemottakar/ pårørande §  Gjere seg kjend med innhaldet i den tildelte tenesta. §  Vere aktiv deltakar i ansvarsgruppa og i utarbeiding av individuell plan.  

4.14 Koordinator for kreftomsorg og andre alvorlege sjukdomar

Koordinator for kreftomsorg og andre alvorlege sjukdomar
Teneste Koordinator for kreftomsorg og andre alvorlege sjukdomar
Lovheimel   Tenesta er ikkje heimla i lov.
Klageveg   Ikkje krav om eigenbetaling og difor ingen klagegang.
KPR/IPLOS-registrering   Ja. Tenesta vert IPLOS-registrert, men har ikkje eiga tenestetype.
Eigenbetaling   Det er ikkje krav om eigenbetaling.
Føremål   Koordinator er med å sikre ei trygg og heilskapleg omsorg i heimkommunen.  
Kriterium for tildeling   §  Koordinator for kreftomsorg og andre alvorlege sjukdomar er eit lågterskeltilbod der pasient eller andre kan ta kontakt i alle fasar av sjukdomsutviklinga. §  Tilbodet gjeld både pasient, pårørande, helsepersonell og andre aktuelle.  
Praktiske opplysningar   §  Koordinator kan tilby hjelp og støtte til personar med kreft- og andre alvorlege sjukdomar, samt deira pårørande. §  Koordinator kan være eit bindeledd mellom fastlege, spesialisthelsetenesta og kommunen, samt formidle kontakt mellom dei ulike kommunale tenestene. §  Koordinator kan svare på faglege spørsmål, gje rettleiing og samtalar, og er med på å sikre ei trygg og heilskapleg omsorg i heimkommunen. §  Koordinator kan være ein støttespelar for barn og unge som er ramma av kreft- og andre alvorlege sjukdomar, samt  til pårørande. §  Koordinator er ikkje ei døgnbemanna teneste. §  Koordinator erstattar ikkje andre tenester, som t.d. heimetenester, praktisk bistand eller fritidskontakt.  
Forventingar til tenesteytar   §  Vise respekt for den enkelte brukar og familie. §  Tenesta er så langt så råd utforma i samråd med tenestemottakar og individuelt tilrettelagt. §  Gjev beskjed så snart så råd om avtalar må endrast. §  At tenestemottakar og pårørande sine ønskje for kvar dei ønskjer avslutte livet sine siste dagar, vert imøtekomen så langt som råd er. §  Vise vidare og kople inn andre tenester når ein ser behov for dette.  
Forventingar til tenestemottakar   §  Er tilstade ved avtalt heimebesøk, eller møter opp til avtalt tid. §  Melder frå så snart ein kan ved eventuelle endringar rundt ein avtale. §  Opptrer respektfullt ovanfor tenesteytar.  

4.15 Korttidsopphald

Korttidsopphald
Teneste Korttidsopphald
Lovheimel   Lov om pasient- og brukarrettigheiter § 2-1. Lov om kommunale helse- og omsorgstenester § 3-1, første ledd, jfr § 3-2 nr 6 bokstav c.   
Klageveg   Lov om pasient- og brukarrettigheiter § 7-2, 7-3, 7-5 og 7-6. 
KPR/IPLOS-registrering   Ja. IPLOS-tenestetype 18: Tidsavgrensa opphald: utgreiing og behandling IPLOS-tenestetype 20: Tidsavgrensa opphald: anna  
Eigenbetaling   Det blir kravd eigenbetaling.
Føremål   §  Gje tilbod om heildøgns pleie- og omsorg i institusjon i ein tidsavgrensa periode. §  Kartlegge tenestemottakar sitt funksjonsnivå og evne til eigenomsorg. Dette kan vurdere behovet for framtidige tenester for at tenestemottakar skal kunne halde fram med å bu i eigen bustad.  §  Vurdere funksjon i høve rett omsorgsnivå.  
Kriterium for tildeling   §  Tildeling av teneste skjer på bakgrunn av søknad som vert handsama av tildelingsnemnda og som resulterer i enkeltvedtak. §  Personar med samtykkekompetanse må sjølv ynskje tenesta. §  Tenestemottakar må ha eit tidsavgrensa behov for døgnkontinuerleg opphald for observasjon, vurdering, behandling eller omsorg ved livets slutt. §  Ved behov for observasjon og vurdering må det først avklarast med lege om behovet er av ein slik art at nødvendig helsehjelp må ytast av spesialisthelsetenesta. §  Andre relevante tiltak skal på førehand vere vurdert og/eller utprøvd. §  Akutt sjukdom hos omsorgsyter.  
Praktiske opplysningar   §  Eigenbetalinga dekker kost, losji og legemiddel under opphaldet. §  Forlenging av korttidsopphald og eventuelt behov for eit endra omsorgsnivå blir kontinuerleg vurdert under opphaldet. §  Den som tek imot korttidsopphald må ha med seg nødvendig personleg utstyr og hjelpemiddel. §  Dersom du nyttar spesielle medikament knytt til sjukdomar du har, avtal med institusjonen om det er nødvendig at du tar desse med. §  Dersom du har multidose tek du denne med på korttidsopphaldet. §  Tenestemottakar er ansvarleg for transport til korttidsopphaldet. Tenesteytar vil, ved behov, være behjelpeleg med å organisere transport heim.  
Oppgåver som tenesta ikkje inkluderer   §  Transport til og frå opphaldet.
Forventingar til tenesteytar   §  Tenesteytar skal opptre på ein respektfull måte. §  Legge til rette for at tenestemottakar får pleie og omsorg som støttar opp under eigenomsorg og eigne ressursar.  
Forventingar til tenestemottakar   §  Gjere seg kjend med innhaldet i vedtaket. §  Brukar utfører sjølv det han/ho meistrar. §  Sørgje for at private klede er merka med namn.  

4.16 Langtidsopphald i institusjon

Langtidsopphald i institusjon
Teneste Langtidsopphald i institusjon
Lovheimel   Lov om kommunale helse- og omsorgstenester § 3-2, 6c. Lov om pasient- og brukarrettigheiter § 2-1 e.  
Klageveg   Lov om pasient- og brukarrettigheiter § 7-2.
KPR/IPLOS-registrering   Ja. IPLOS-tenestetype 21: Langtidsopphald i institusjon. 
Eigenbetaling   Det blir kravd eigenbetaling.
Føremål   Yte pleie og omsorg til tenestemottakarar som har eit omfattande og døgnkontinuerleg hjelpebehov som ikkje kan gjevast på forsvarleg måte i eigen heim eller omsorgsbustad.  
Kriterium for tildeling   §  Tildeling av teneste skjer på bakgrunn av søknad som vert handsama av tildelingseininga og resulterer i enkeltvedtak. §  Personar med samtykkjekompetanse må sjølv ynskje tenesta. §  Før tildeling av institusjonsopphald skal alle andre hjelpetiltak vere vurdert og/eller prøvd i eigen heim eller omsorgsbustad. §  Personar som har behov for heildøgns omsorg, samt behov for tilgjengeleg sjukepleiarkompetanse heile døgnet.  
Praktiske opplysningar   §  Vederlaget skal dekkje kost, losji, medisinar m.v., samt lovpålagde tenester som tilsynslege, fysioterapi og tannhelseteneste. §  Langtidsopphald i institusjon kan endrast dersom tenestemottakar si helse og funksjonsnivå endrar karakter, slik at heildøgnsomsorg ikkje lenger er naudsynt. §  Tenestemottakar, pårørande eller verje skal melde flytting til Folkeregisteret, Posten mm. §  Tenestemottakar som har rett til langtidsopphald i institusjon kan bli sett på venteliste dersom det ikkje er plass. §  Digitale tilsyn i form av innandørs posisjonering og pasientvarsling er standard i nokre kommunale bygg.
Oppgåver som tenesta ikkje inkluderer   §  Telefonutgifter §  Avisabonnement §  Frisør §  Fotpleie §  Andre velværebehandlingar §  Klede §  Hygieneprodukt utover det institusjonen tilbyr §  Privat tannlege og fastlegetimar §  Briller §  Høyreapparat  
Forventingar til tenesteytar   §  Tenesteytar opptrer på ein respektfull måte overfor tenestemottakar og pårørande. §  Tenesteytar legg til rette og har ansvar for dialog og godt samarbeid med næraste pårørande. §  Det vert gitt hjelp til eigenomsorg i samsvar med eigne ressursar, og lagt til rette for å oppnå optimalt funksjonsnivå.  
Forventingar til tenestemottakar   §  Tenestemottakar utfører sjølv det han/ho meistrar. §  Rommet møblerast i samråd med institusjonen. §  Pårørande skal som hovudregel fylgje til tannlege, undersøkingar, kontrollar mm. §  Private eigendelar er ikkje forsikra av kommunen. §  Sørgje for at private klede er merka med namn.  

4.17 Lærings- og aktivitetssenter

Lærings- og aktivitetssenter
Teneste Lærings- og aktivitetssenter
Lovheimel   Dette er ikkje ei lovpålagt teneste, men tenesta inngår som ein del av tenestetilbodet for personar med psykisk utviklingshemming som treng særskild tilrettelegging.  
Klageveg   Viser til Lov om pasient- og brukarrettigheiter § 7-2, 7-3, 7-5 og 7-7.
KPR/IPLOS-registrering   Ja. IPLOS-tenestetype 4: Dagaktivitetstilbod 
Eigenbetaling   Tenesta er gratis. Ein betalar eventuelt for servering av måltid og turar som vert arrangert. Det er valfritt å delta på turar.  
Føremål   §  Tilbodet er retta mot menneske med psykisk utviklingshemming, men kan etter søknad og kapasitet også tilbys til menneske med andre bistandsbehov. §  Dagtilbodet er ein viktig teneste for at brukarar skal ha ein aktiv og meiningsfull kvardag saman med andre. Det vil og kunne forebygge isolering og einsemd.  §  Tenesta kan og i kortare periodar gi avlastning for pårørande.  
Kriterium for tildeling   §  Tildeling av tenesta skjer på bakgrunn av søknad som vert handsama av tildelingsnemnda, og som resulterer i ei tildeling av tenesta. §  Personar med samtykkekompetanse må sjølve ynskje tenesta. §  Søkjar må ha behov for rettleiing/trening/aktivisering og vedlikehald av ferdigheiter. §  Ordninga omfattar ikkje helsetenester. §  Dagsentertilbod til psykisk utviklingshemma er for deg som er over 18 år som ikkje har anna aktivitetstilbod.  
Praktiske opplysningar   §  Tenesta skal tilby meiningsfulle og nyttige aktivitetar og ha fokus på ressursar, interesser og aktivitetar som bruker meistrar og har glede av. §  Tilbodet vil kunne variere.  
Oppgåver som tenesta ikkje inkluderer   §  Følgje til fastlege/lege/tannhelseteneste eller spesialisthelsetenesta. §  Transport til tenesta. §  Måltid.  
Forventingar til tenesteytar   §  Brukar blir møtt med respekt og forståing. §  Tilbodet vert tilrettelagt slik at det einskilde føler meistring i ei arbeidsoppgåvene dei gjer. §  Open dialog og tett samarbeid om utforming av tenesta til brukarar.  
Forventingar til tenestemottakar   §  Deltaking i eige tilbod. §  Oppmøte etter avtale. §  Gje melding dersom ein ikkje møter opp.  
Merknad   §  LA senteret på Nordfjordeid §  Hove aktivitetssenter i Selje §  «Vår sin butikk» på Stadlandet  

4.18 Middagsombringing

Middagsombringing
Teneste Middagsombringing   
Lovheimel   Lov om pasient- og brukarrettigheiter § 2-1. Lov om kommunale helse- og omsorgstenester § 3-1, første ledd, jfr § 3-2 nr 6 bokstav b.
Klageveg   Lov om pasient- og brukarrettigheiter § 7-2, 7-3, 7-5 og 7-7. 
KPR/IPLOS-registrering   Ja. IPLOS-tenestetype 5: Matombringing
Eigenbetaling   Det blir kravd eigenbetaling.  
Føremål   Tenesta skal være til hjelp for å sikre ernæringsbehovet til innbyggjarar som av ulike grunnar ikkje er i stand til å dekkje dette behovet sjølv.  
Kriterium for tildeling   §  Tildeling av teneste skjer på bakgrunn av søknad som vert handsama av tildelingsnemnda og som resulterer i eit enkeltvedtak. §  Ferdigmiddag skal være vurdert og prøvd ut før enkeltvedtak vert fatta. §  Det må vere utført ernæringskartlegging før tildeling. §  Personar med samtykkekompetanse må sjølv ynskje tenesta. §  Må ha fast bustad i kommunen. §  Tenestemottakar treng bistand for å ivareta sitt eige ernæringsbehov. §  Tenestemottakar må forplikte seg til faste leveringsdagar.  
Praktiske opplysningar   §  Tenesta gjeld utlevering av varm middag. §  Diettmat vert levert dersom det er medisinske grunnar til det. §  Pris per porsjon vert årleg vedteke av kommunestyret. §  Faktura  vert sendt ut på etterskot kvar månad. §  Menyen dekkje eit næringsrikt kosthald. §  Det vert fakturert for middag som ikkje er avbestilt innan informerte fristar. §  Kortvarige behov for endringar skal varslast til heimetenesta, som t.d. avbestilling. Viktig at ein varslar i god tid. §  Avbestilling av middag: o   Middag som blir avbestilt for ein kortare periode enn tre dagar, gjev ikkje fritak for betaling. o   Lengre periodar på minst tre dagar kan avbestillast, dette må gjerast seinast dagen før.  o   Avbestilling etter fristen gjev ikkje fritak for betaling.  
Forventingar til tenesteytar   §  Middag vert levert i samsvar med vedtak, og i følgje forskrift om næringsmiddelhygiene kapittel 5 § 13. 
Forventingar til tenestemottakar   §  Gjere seg kjend med innhaldet i vedtaket. §  Brukar må vere tilstade ved levering eller sørgje for at nokon tek imot maten. §  Ved auka behov, kan tal dagar for middagsombringing aukas §  Behov for å endre dagar må avklarast med heimetenesta.

4.19 Omsorgsstønad

Omsorgsstønad
Teneste Omsorgsstønad
Lovheimel   Lov om kommunale helse og omsorgstenester §3-6, 3.  
Klageveg   Lov om pasient- og brukarrettigheiter §7-2.
KPR/IPLOS-registrering   Ja. IPLOS-tenestetype 11: Omsorgsstønad
Eigenbetaling   Det er ikkje krav om eigenbetaling.
Føremål   §  Omsorgsstønad er eit støttetiltak for pårørande som har eit særleg tyngjande omsorgsarbeid. §  Omsorgsstønad er meint å gje økonomisk anerkjenning for det omsorgsarbeidet den private omsorgsytaren gjer, og kan givast i kombinasjon med eller i staden for andre helse- og omsorgstenester.  
Kriterium for tildeling   §  Vilkåra er at:  o   Omsorgsarbeidet er nødvendig. o   Det nødvendige arbeidet er «særleg tyngjande». o   Både omsorgsmottakar og omsorgsytar ønskjer at omsorgsarbeidet skal halde fram. §  Moment som vert tatt omsyn til i vurderinga om omsorgsarbeidet er særleg tyngjande:  o   Omfanget av arbeidet. o   Fysisk og/eller psykisk belastning. o   Varigheit, fordeling over tid og når på døgnet. o   Omsorgsyter si livs-, arbeids- og familiesituasjon. o   Omsorgsplikt. o   Inntektstap (gjev ikkje automatisk rett på omsorgsstønad). §  Tildeling av teneste skjer på bakgrunn av søknad som blir handsama av tildelingseininga og som resulterer i einskildvedtak. §  Personar med samtykkjekompetanse må sjølv ynskje tenesta. §  Den hjelpetrengande må vere heimebuande. §  For barn må omsorga klart overstige den forventa omsorg for barn på same alder. §  Omsorgssituasjonen er forventa å vare over tid og skal gjelde nødvendige omsorgsoppgåver. §  Det er ein føresetnad at søkjar utfører omsorgsarbeid som elles ville høyre inn under helse- eller omsorgstenesta i kommunen. §  For at omsorgsstønad skal tildelast, må både kommunen og den som har behov for tenestene vurdere omsorgsytar si omsorgsevne som mest tenleg og naudsynt. §  Inntektstap gjev ikkje automatisk rett på omsorgsstønad. §  Det skal takast omsyn til om tildeling av omsorgsstønad er til det beste for den som treng hjelp. §  Omsorgsstønad må vurderast oppimot andre tenester og tiltak.  
Praktiske opplysningar   §  Stønaden er skattepliktig inntekt. §  Det vil bli laga oppdragsavtale mellom omsorgsytar og kommunen. §  Stønaden gir ikkje rett til feriepengar eller løn under sjukdom. §  Omsorgsstønad tek slutt med det same og utan skriftleg varsel når behovet til omsorgsmottakar vert borte. §  Omsorgsstønad vert gitt for ei avgrensa tidsperiode og vert revurdert ved behov/endra omsorgssituasjon. §  Ein må kontinuerleg vurdere omsorgsytar si evne til å utføre omsorgsoppgåvene. §  Omsorgsstønaden tek ikkje sikte på å godtgjere den som yt omsorg time for time, men er ein kompensasjon for meirarbeidet som vert gjort.  
Forventingar til tenesteytar   §  Dersom omsorgsmottakaren vert teken inn i kommunen sine institusjonstilbod eller vert innlagt i private-, fylkeskommunale – eller statlege institusjonar, vil det ved opphald utover ei veke føreteke trekk i omsorgsstønaden. Oppdragstakar pliktar å gje melding om slike mellombels opphald til oppdragsgjevar.   
Forventingar til tenestemottakar   §  Gje naudsynt informasjon, samt samtykkje til å innhente relevante opplysningar for vurdering og tildeling av teneste. §  Sette seg inn i oppdragskontrakt. §  Sette seg inn i vedtak om omsorgsstønad.  
Merknad   §  Kommunen legg til grunn rundskriv I-42/98 - omsorgslønn. 

4.20 Personretta praktisk bistand

Personretta praktisk bistand
Teneste Personretta praktisk bistand
Lovheimel   Lov om pasient- og brukarrettigheiter § 2-1. Lov om kommunale helse- og omsorgstenester § 3-1, første ledd, jfr § 3-2 nr 6 bokstav a.  
Klageveg Lov om pasient- og brukarrettigheiter § 7-2, 7-3, 7-5 og 7-7.
KPR/IPLOS-registrering   Ja. IPLOS-tenestetype 2: Praktisk bistand – opplæring – daglege gjeremål  
Eigenbetaling   Det vert ikkje kravd eigenbetaling.
Føremål   §  Tenestemottakar får hjelp til bistand, personleg stell og eigenomsorg for å kunne bu i eigen heim lengst mogleg. §  Tenesteytar bidreg til at tenestemottakar er mest mogleg sjølvhjelpt ved bruk av eigne ressursar og hjelpemiddel. §  Tenestemottakar får nødvendig bistand til at heimen er tilrettelagt med bruk av nødvendige hjelpemiddel tilpassa tenesteytar sin funksjon.  
Kriterium for tildeling   §  Tenesta kan bli starta opp før det er gjort vedtak dersom behovet for tenesta er akutt. Varer behov for tenesta lenger enn 14 dagar, skal det fattast enkeltvedtak i saka. §  Tildeling av teneste skjer på bakgrunn av heimebesøk og kartlegging av behov, samt handsaming av saka i tildelingsnemnda som evt. fører til eit enkeltvedtak. §  Ordninga er behovsprøvd og tenesta vert evaluert. §  Personar med samtykkjekompetanse må sjølv ynskje tenesta. §  Tenestemottakar har behov for personretta praktisk bistand for å kunne bu heime. §  Tenestemottakar må bu eller opphalde seg i kommunen.  
Praktiske opplysningar   §  Tenesta vektlegg aktiv brukarmedverknad med mål om at brukar vert mest mogleg sjølvhjelpen. §  Heimen må vere best mogleg tilrettelagd for å yte omsorga. §  Omfang og type tenester vert vurdert etter individuelle behov og kva som er fagleg forsvarleg. §  Døme på bistand kan vere: o   Morgon- og kveldsstell o   Dusj/bad o   Hjelp til inntak av mat og drikke o   Toalettbesøk (tømme urinpose/stomiposar) o   Munnstell o   Forflytting o   Opplæring i eigenmeistring og førebygging  
Oppgåver som tenesta ikkje inkluderer   §  Praktiske gjeremål knytt til hushaldet t.d. reinhald, klevask. §  Transport av tenestemottakar t.d. følgje til lege, frisør etc.
Forventingar til tenesteytar   §  Tenesteytar opptrer respektfullt i høve tenestemottakar. §  Tenesta vert gjeven til avtalt dag og tid. §  Tenesta vert gitt i samarbeid med brukar. §  Tenesteytar vektlegg prinsipp om hjelp til sjølvhjelp.
Forventingar til tenestemottakar   §  Tenestemottakar opptrer respektfullt i høve tenesteytar. §  Vere aktiv deltakar i eige liv.

4.21 Praktisk bistand

Praktisk bistand
Teneste Praktisk bistand
Lovheimel   Lov om kommunale helse- og omsorgstenester §3-2.6 bokstav b .
Klageveg   Lov om pasient- og brukarrettigheiter § 7-2, 7-3, 7-5 og 7-7.
KPR/IPLOS-registrering   Ja. IPLOS-tenestetype 1: Praktisk bistand – daglege gjeremål
Eigenbetaling   Det vert kravd eigenbetaling for tenesta.
Føremål   §  Gje hjelp til praktiske gjeremål i tenestemottakar sin heim. §  Brukar skal klare seg i eigen bustad med nødvendig hjelp, slik at behovet for plass i institusjon vert unngått eller utsett.  
Kriterium for tildeling   §  Tildeling av teneste skjer på bakgrunn av heimebesøk, kartlegging av behov og søknad som vert handsama i tildelingsnemnda og som eventuelt fører til eit enkeltvedtak. §  Ordninga er behovsprøvd og tenesta vert evaluert. §  Personar med samtykkjekompetanse må sjølv ynskje tenesta. §  Tenestemottakar må bu eller opphalde seg i kommunen.  
Praktiske opplysningar   §  I vedtaket vert det skildra innhald og tidsbruk for tildelt hjelp. §  Tenesta skal evaluerast. §  Praktisk bistand til reinhald av bustad vert utført av kommunen sitt reinhaldsteam. Teamet har med utstyret som trengs for å gjennomføre reinhaldet. §  Bistand til å ta ut boss og hente post vert vurdert der dette er naudsynt. Tenesta vert vurdert som praktisk bistand og kravd eigenbetaling for. §  Bemanna omsorgsbustadar har eigen standar for tildeling av praktisk bistand. §  Standard intervall for reinhald av privat bustad startar med kvar 4.veke. §  Standard intervall for sengeskift er kvar 14.dag. §  Standard tid for tilrettelegging av måltid er 10 min. Dette gjeld også i omsorgsbustad.  
Oppgåver som tenesta ikkje inkluderer   §  Stryke kle §  Reingjere område over «skulderhøgde» §  Reingjere rom som ikkje er i bruk §  Opplæring i hushald §  Hagearbeid §  Nedvask §  Vask av vindauge §  Bake §  Rydde og vaske etter pårørande eller besøkjande §  Hjelp til kjæledyrhald §  Flytte bossdunkar §  Frakte boss til bossfylling §  Gjere i stand til høgtider §  Flytte møblar  §  Måke snø §  Hente ved og fyre i omnen  
Forventingar til tenesteytar   §  Tenesteytar opptrer på ein respektfull måte i brukar sin heim. §  Tenestene vert gjeve til avtalt dag og tid. §  Dersom tenesteytar er forhindra frå å møte til avtalt tid må det. meldast til brukar snarast råd. §  Praktisk bistand til vask av bustad vert ikkje gjeve på heilagdagar. §  Dersom hjelpa ikkje vert gjeve på avtalt dag vil brukar få tilbod om anna dag. §  Tenesteytar skal ikkje nytte brukar sitt bankkort for kontantuttak eller varehandel. §  Tenesteytar skal ikkje handtere brukar sine kontantar.  
Forventingar til tenestemottakar   §  Brukar skal utføre mest mogleg sjølv. §  Om ikkje anna er avtalt skal brukar være tilstades når tenesteytar utfører praktisk bistand. §  Gje beskjed seinast 1 veke på førehand dersom det er ynskje om å avlyse / bytte dag. Ved akutte situasjonar må ein gje beskjed snarast råd. §  Heimen skal være lagt til rette slik at reinhaldar får ein god arbeidsplass. §  Bruk av nøkkelboks er ynskjeleg om det er vanskeleg for tenestemottakar å opne døra sjølv. §  Husdyr skal haldast i trygg forvaring så lenge tenesteytar er i bustaden. §  Huset skal være røykfritt så lenge tenesteytar er i bustaden. §  Tillate tilpassing av hjelpemiddel i bustaden dersom dette er naudsynt.  

4.22 Praktisk bistand opplæring m/andre og u/andre

Praktisk bistand opplæring m/andre og u/andre
Teneste Praktisk bistand opplæring
Lovheimel   Helse og omsorgstenesteloven §3-2 punkt 6, bokstav b .
Klageveg   Pasient og brukarrettigheitslova §7-2.
KPR/IPLOS-registrering   Ja. IPLOS-tenestetype 2: Praktisk bistand – opplæring daglege gjeremål
Eigenbetaling   Det vert kravd eigenbetaling for tenesta.
Føremål   §  At tenestemottakar med dette tenestetilbodet i stor grad skal kunne meistre daglege gjeremål og halde ved like funksjonar og/eller tileigne seg ny kunnskap med opplæring og tilrettelegging. §  Teneste skal bidra til at brukarar vert mest mogeleg sjølvhjelpen i dagleglivet.  
Kriterium for tildeling   §  Tildeling av teneste skjer på bakgrunn av søknad og kartlegging (heimebesøk) som vert handsama i tildelingsnemnda og som evt fører til eit enkeltvedtak. §  Personar med samtykkekompetanse må sjølv ynskje tenesta. §  Søkjar må grunna fysiske eller psykisk funksjonshemming ha eit særleg stort hjelpebehov, der det også er naudsynt med tilrettelegging i dagleglivet. §  Det må føreligge helseopplysningar som tilseier at søkjar ikkje har tilstrekkeleg eigenomsorg, eller er heilt avhengig av praktisk eller personleg hjelp i dagleglivet.  
Praktiske opplysningar   §  Basisen i arbeidet er opplæring og målretta miljøarbeid – hjelp til sjølvhjelp. §  Tenesta vektlegg aktiv brukarmedverknad, sjølvstendiggjering og deltaking. §  Personar med heimeteneste har rett til tannbehandling ved offentleg tannklinikk. §  Omfang, formål og tidsavgrensing blir presisert i vedtaket. §  Tenesta vert gjeven for ein avgrensa tidsperiode med fastsett evalueringsdato. Evalueringa skal svare på om tenestemottakar har tileigna seg opplæring og rettleiing av personalet. Dersom det ikkje er slik, vert tenesta revurdert og kan bli endra til praktisk bistand med eigenbetaling.  
Oppgåver som tenesta ikkje inkluderer   §  Oppgåver tenestemottakar kan gjere sjølv. §  Praktisk bistand til reingjering av heimen som ikkje er knytt til opplæring, er å sjå på som oppgåver knytt til praktisk bistand med eigenbetaling.  
Forventingar til tenesteytar   §  Tenesteytar opptrer respektfullt i møte med tenestemottakar. §  Tenestemottakar får færrast mogelege tenesteytarar. §  Tenesta vert gitt til avtalt dag og tid. §  Tenesta vert gitt i samarbeid med brukar.  
Forventingar til tenestemottakar   §  Tenestemottakar opptrer respektfullt i møte med tenesteytar. §  Vere aktiv deltakar i eige liv.

4.23 Tryggleiksalarm

Tryggleiksalarm
Teneste Tryggleiksalarm
Lovheimel   Tenesta kan ytast som eit førebyggjande og tryggleikskapande tiltak eller den kan ytast som helsehjelp. Dersom tenesta vert tildelt  som helsehjelp for å kunne gje eit forsvarleg helsetilbod i heimen, vert dette etter:  §  Lov om pasient- og brukarrettigheiter § 2-1a 2.ledd  §  Lov om kommunale helse- og omsorgstenester § 3-2 første ledd nr 6 a  
Klageveg   Lov om pasient- og brukarrettigheiter §§ 7-2.  Klagefrist 4 veker ved lovheimla og 3 veker ved ikkje lovheimla.  
KPR/IPLOS-registrering   Ja. IPLOS-tenestetype 6: Tryggleiksalarm
Eigenbetaling   Eigenandel varierer ut i frå om alarmen er tildelt etter helselov eller ikkje. Satsane vert regulert årleg og fastsett av kommunestyret.    Tryggleiksalarm tildelt etter helselov er gratis. Dette inkludera opp- og nedkopling av alarm.   Tryggleiksalarm som ikkje er heimla i helselov vert fakturert etter pris fastsett av kommunestyret. Det vert kravd eingongskostnad for opp – og nedkopling av alarmen.   Ved tap av alarmknapp må tenestemottakar erstatte denne. Dette gjeld både tryggleiksalarm tildelt etter helselov og ikkje heimla i helselov.  
Føremål   Tryggleiksalarm skal bidra til auka tryggleik for tenestemottakar og bidra til at vedkommande kan bu lengst mogleg i eigen heim.  
Kriterium for tildeling   Heimebuande eldre og personar med funksjonsnedsetting kan bli tildelt tryggleiksalarm ut frå desse kriteria:  §  Tenestemottakar kjenner seg utrygg grunna sjukdom eller funksjonsnedsetting. §  Tenestemottakar har lett for å falle og/eller problem med å bevege seg. §  Tenestemottakar forstår bruken av alarmen og meistrar å bruke alarmknappen. §  Førebygge behov for andre tenester.  
Praktiske opplysningar   §  Tryggleiksalarm er ei ordning der du kan komme i kontakt med heimetenesta i ein akutt eller alvorleg situasjon der du treng hjelp. §  Tenesta består av ein alarmboks, ein alarmknapp og alarmteneste frå heimetenesta. §  Stad kommune nyttar Alarmsentralen IKS som responssenter. Når tenestemottakar utløyser alarmen vil du bli kontakta av responssenteret via alarmboksen. Responssenteret tek så kontakt med heimetenesta som kjem heim til deg så fort dei kan. §  Andre tryggingstiltak kan knytast til alarmen, som til dømes brannalarm.  
Forventingar til tenesteytar   §  Alarm vil bli montert så snart vi har kapasitet etter at vedtak er fatta. §  Rettleiing og opplæring.  
Forventingar til tenestemottakar   §  Tenestemottakar må gje kommunen tilgang på nøkkel til bustaden. §  Tenestemottakar må legge til rette for innkjøp av nøkkelboks. §  Alarmknappen må være på tenestemottakar heile døgnet, enten i halssnor eller rundt handledd. §  Alarmen vert berre nytta ved akutte eller alvorlege situasjonar, t.d. ved fall, skade eller sjukdom. §  Alarmknappen/alarmboksen må erstattast av teneste-mottakar om vedkomande mister den eller øydelegg den.  

4.24 Lokaliseringsteknologi (GPS)

Lokaliseringsteknologi
Teneste Lokaliseringsteknologi (GPS)
Lovheimel   Lov om pasient- og brukarrettigheiter § 2-1.  Lov om kommunale helse- og omsorgstenester § 3-1, første ledd, jfr § 3-2 nr 6 bokstav a  Utan samtykkekompetanse: Lov om pasient- og brukarrettigheiter § 4-6. og § 4-6. A  
Klageveg   Lov om pasient- og brukarrettigheiter §§ 7-2.  Klagefrist 4 veker  
KPR/IPLOS-registrering   Ja. IPLOS-tenestetype 26: Varsling- og lokaliseringsteknologi
Eigenbetaling   Ingen eigenbetaling.
Føremål   §  Lokaliseringsteknologi (GPS) er eit tiltak der brukar har nedsett kognitiv funksjon som påverkar orienteringssans. §  Bruka av GPS kan gi meir rørslefridom, auka tryggleik og høve til å bu lenger i eigen heim. §  Førebygging av skade/ulykke. §  Meir sjølvstende og meistring. §  Meir sosial kontakt. §  Auka tryggleik frå pårørande.  
Kriterium for tildeling   §  Sjukdom, lyte eller anna som gjere det nødvendig med teknologisk støtte. §  For lokaliseringsteknologi (GPS) må pasient/brukar ha tilstrekkeleg trafikkforståing til å kunne ferdast i dei aktuelle omgjevnadane på eiga hand. §  Samtykkekompetanse og brukarmedverknad ligg til grunn for all tildeling. Ved manglande samtykkekompetanse må ein nytte Pbrl, § 4-6 a, ved manglande samtykkje og motstand må ein nytte Pbrl, Kapittel 4A.  
Praktiske opplysningar   §  Varslingsliste blir avtalt ved oppstart. §  Varsel kan gå til Alarmsentralen, heimeteneste eller pårørande. §  Dersom det er avtalt kan pårørande nytte app for å lokalisere og kommunisere med GPS-eininga. §  Lokaliseringsteknologi  (GPS) nytter GPS-teknologi og mobilnett. Produkta har også alarmsfunksjon som utløysast automatisk eller som brukar utløyser sjølv, og dei har to-vegs talefunksjon. §  Ein kan nytte lokaliseringsteknologi som mobil tryggleiksalarm dersom dette er tenleg og respons er avklara.  
Forventingar til tenesteytar   §  Teknologien vert montert så snart vi har kapasitet etter at tenesta er tildelt. §  Rettleiing og opplæring vert gitt. §  Når alarmar vert utløyst vil aktuell teneste følgje opp varselet og handtere situasjonen ut frå gjeldande prosedyrar. §  Tenesteytar handtera feilmeldingar.  
Forventingar til tenestemottakar   §  Tenestemottakar opptrer respektfullt i møte med tenesteytar. §  Tenestemottakar gir melding til heimetenesta ved langvarig fråvær i eigen bustad. §  Tenestemottakar må syte for framkomeleg veg til bustaden. §  Dersom utstyret ikkje vert brukt i tråd med intensjonen, kan kommunen krevje utstyret tilbakelevert.  

4.25 Elektronisk medisineringsstøtte  

Elektronisk medisineringsstøtte
Teneste Elektronisk medisineringsstøtte
Lovheimel   Lov om pasient- og brukarrettigheiter § 2-1a. Lov om kommunale helse- og omsorgstenester § 3-1, første ledd, jfr § 3-2 nr 6 bokstav a  Utan samtykkekompetanse: Lov om pasient- og brukarrettigheiter § 4-6. og § 4-6. A  
Klageveg   Lov om pasient- og brukarrettigheiter §§ 7-2.  Klagefrist 4 veker ved lovheimla og 3 veker ved ikkje lovheimla.  
KPR/IPLOS-registrering   Ja. IPLOS-tenestetype 27: Elektronisk medisineringsstøtte
Eigenbetaling   Ingen eigenbetaling.
Føremål   §  Rett medisin til rett tid. §  Eigenmestring i høve handtering av medikament. §  Auka tryggleik og høve til å bu lenger i eigen heim. §  Meir sjølvstende og meistring. §  Auka tryggleik for pårørande.  
Kriterium for tildeling   §  Samtykkekompetanse og brukarmedverknad ligger til grunn for all tildeling. Ved manglande samtykkekompetanse gjerast ei forsvarlegheitsvurdering. §  Må ha medikament tillaga i multidoserull. §  Treng hjelp til medikamenthandtering og utdeling. §  Sjukdom, lyte eller anna som gjere det nødvendig med teknologisk støtte.  
Praktiske opplysningar   §  Elektroniske medisindispensere varslar via lys og lyd etter førehandsinnstilte tidspunkt når medisinen skal tas §  Elektronisk medisindispenser kan registrere om bruker tar medisinen ut av dispenseren og sender varsel til helsepersonell via mobilnettet dersom medisinen ikkje tas ut. §  Dersom utstyret ikkje vert brukt i tråd med intensjonen, kan kommunen krevje utstyret tilbakelevert.  
Forventingar til tenesteytar     §  Teknologien vert montert så snart vi har kapasitet etter at behovet er avdekt og naudsynt kartlegging og tilpassing er utført. §  Rettleiing og opplæring vert gitt. §  Når alarmar vert utløyst vil aktuell teneste følgje opp varselet og handtere situasjonen ut frå gjeldande prosedyrar. §  Feilretting etter gjeldande prosedyrar.  
Forventingar til tenestemottakar   §  Tenestemottakar opptrer respektfullt i møte med tenesteytar. §  Tenestemottakar gir melding til heimetenesta ved langvarig fråvær i eigen bustad. §  Utstyret vert behandla forsvarleg. §  Tenestemottakar må syte for framkomeleg veg til bustaden.  

4.26 Digitalt tilsyn

Digitalt tilsyn
Teneste Digitalt tilsyn
Lovheimel   Lov om pasient- og brukarrettigheiter § 2-1. Lov om kommunale helse- og omsorgstenester § 3-1, første ledd, jfr § 3-2 nr 6 bokstav a  Utan samtykkekompetanse: Lov om pasient- og brukarrettigheiter § 4-6. og § 4-6. A  
Klageveg   Lov om pasient- og brukarrettigheiter §§ 7-2.  Klagefrist 4 veker ved lovheimla og 3 veker ved ikkje lovheimla.  
KPR/IPLOS-registrering   Ja. IPLOS-tenestetype 28: Digitalt tilsyn
Eigenbetaling   Ikkje eigenbetaling når det vert gitt som helsetenester i heimen.
Føremål   §  Mål med digitale tilsyn er å gje tenestemottakar auka tryggleik og høve til å bu lenger i eigen heim. §  Digitale tilsyn (sensorar for seng/golv/dør/fall/bevegelse) kan varsel om hendingar slik at helsepersonell kan komme raskare til staden og det kan vere med på å førebygge skade/ulykke. §  Meir sjølvstende og meistring. §  Auka tryggleik frå pårørande. §  Meir rørslefridom utan at brukar utset seg for risiko ut over det normale.  
Kriterium for tildeling   §  På bakgrunn av søknad og tildeling. §  Sjukdom, lyte eller anna som gjere det nødvendig med teknologisk støtte. §  I nokre kommunale institusjonar er digitale tilsyn ein del av løysinga for bebuarane t.d. innandørs posisjonering og styring av dører.  
Praktiske opplysningar   §  Passiv varsling består av sensorar som sender varsling via tryggleiksalarm, pasientvarslingsanlegg eller teknologi for digitalt tilsyn. Det er ikkje pasienten/brukaren som utløyser alarmen bevisst, men teknologien som detekterer fare/hendingar og varslar automatisk. Døme på passiv varsling er sensorar til dør, bevegelse, matte for seng og stol, fallsensor, kamera osv). §  Passiv varsling i eigen heim kan krevje at ein har teneste tryggleiksalarm i tillegg ettersom mange av sensorane koplast til ein tryggleiksalarm. §  Stad kommune nyttar Alarmsentralen som responssenter. Når tenestemottakar utløyser alarmen vil du bli kontakta av responssenteret via alarmboksen. Responssenteret tek så kontakt med heimetenesta som kjem heim til deg så fort dei kan.  
Forventingar til tenesteytar   §  Teknologien vert montert så snart vi har kapasitet etter at behovet er avdekt og naudsynt kartlegging og tilpassing er utført. §  Rettleiing og opplæring vert gitt. §  Når alarmar vert utløyst vil aktuell teneste følgje opp varselet og handtere situasjonen ut frå gjeldande prosedyrar. §  Feilretting etter gjeldande prosedyrar. §  Dersom utstyret ikkje vert brukt i tråd med intensjonen, kan kommunen krevje utstyret tilbakelevert.  
Forventingar til tenestemottakar   §  Tenestemottakar opptrer respektfullt i møte med tenesteytar. §  Tenestemottakar gir melding til heimetenesta ved langvarig fråvær i eigen bustad. §  Tenestemottakar må syte for framkomeleg veg til bustaden. §  Utstyret vert behandla forsvarleg.  

4.27 Digital heimeoppfølging

Digital heimeoppfølging
Teneste Digital heimeoppfølging
Lovheimel   Digital heimeoppfølging (DHO) vert gitt utan vedtak.
Klageveg   Lov om pasient- og brukarrettigheiter §§ 7-2.  Klagefrist 4 veker ved lovheimla og 3 veker ved ikkje lovheimla.  
KPR/IPLOS-registrering Nei.
Eigenbetaling   Nei.
Føremål   §  Digital heimeoppfølging er bruk av teknologiske løysingar som gjere at du kan følgjast opp i eigen heim. §  Tenestemottakar kan ta måling av blodsukker, blodtrykk osv og resultata vert sendt inn til helsetenesta som føler opp digitalt.   
Kriterium for tildeling   §  Kriterium er du kan klare å ta målingar sjølv og treng rettleiing og tilbakemelding på målingane du gjere. §  Målgruppa for digital heimeoppfølging er personar som er kronisk sjuke eller personar som har eit behov for tett oppfølging grunna sin helsetilstand. §  For og få tilbod om digital heimeoppfølging må du vere vaksen og ha fastlege i Stad kommune.  
Praktiske opplysningar   §  Digital heimeoppfølging gjennomførast ved hjelp av kommunikasjon via nettbrett og ved hjelp av  tilleggsutstyr som t.d. blodtrykksmålar, vekt, pulsoksymeter o.a. Det forutsett eit tett samarbeid med fastlege, oppfølgingssenter, pasient og i nokon tilfelle spesialisthelsetenesta. §  Du får låne utstyr (Ipad, aktuelt utstyr for t.d. å måle blodtrykk, blodsukker, metning osv) gratis. §  Forbruksmateriell må du sjølv skaffe. Dersom du har diabetes vil du få resept frå fastlegen din på forbruksmateriell.  
Forventingar til tenesteytar   §  Teknologien vert montert så snart vi har kapasitet etter at behovet er avdekt og naudsynt kartlegging og tilpassing er utført. §  Rettleiing og opplæring vert gitt. §  Når alarmar vert utløyst vil aktuell teneste følgje opp varselet og handtere situasjonen ut frå gjeldande prosedyrar. §  Feilretting etter gjeldande prosedyrar.  
Forventingar til tenestemottakar   §  Tenestemottakar opptrer respektfullt i møte med tenesteytar. §  Tenestemottakar gir melding til heimetenesta ved langvarig fråvær i eigen bustad. §  Utstyret vert behandla forsvarleg.  
KPR/IPLOS-registrering Nei.

4.28 Følgjekort

Følgjekort
Teneste Følgjekort
Lovheimel   “Veiledende nasjonale retningslinjer for ledsagerbevis for funksjonshemmende”   Ordninga er ikkje lovpålagt, men ei frivillig ordning som Stad kommune deltek i.  
Klageveg   Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker § 28 - 34.  Klaga sendast til Stad formannskap.  
KPR/IPLOS-registrering   Ja. Tenesta vert IPLOS registrert, men har ikkje eiga tenestetype.
Eigenbetaling   Nei.
Føremål   §  Ordninga skal vere eit verkemiddel for auka deltaking og likestilling i samfunnet ved at personar med funksjonsnedsetjing som har behov for det, får ha med seg følgje utan ekstra kostnadar. §  Ordninga med følgjekort omfattar personar med ein funksjonsnedsetting som er venta å ha ei varigheit på minimum 2 år.  
Kriterium for tildeling   Følgjekort er aktuelt for personar med: §  Rørslehemming §  Høyrselshemming §  Synshemming §  Utviklingshemming §  Allergiar §  Funksjonsnedsettingar som følgje av sjukdom, for eksempel psykisk lidingar, hjartesjukdom, lungesjukdom og anna  §  Det er ingen øvre eller nedre aldersgrense på følgjekort. For born under skulealder må det vere dokumentert at bornet har eit større behov for følgje enn det som hadde vore tilfelle dersom barnet ikkje hadde ei funksjonsnedsetting, og at det difor medfører ekstrautgifter, samanlikna med jamaldrande som delte på same type aktivitetar. Det betyr at det er born med eit særleg omfattande assistansebehov som til vanleg vil kunne bli tildelt følgjekort heilt frå småbarnsalder av.  
Praktiske opplysningar   §  Følgekortet er eit dokument som er utforma som eit kort med bilete av brukaren. Kortet kan brukaren vise ved inngang til t.d. kino eller andre kulturelle arrangement då det kan gje følgjeperson gratis inngang eller reduksjon i pris. §  Søkjar kan velgje om vedkomande vil ha følgjekort i papirform, eller digitalt følgjekort via app. §  Følgekortet er tidsavgrensa til maksimalt 5 år. §  Følgjekortet skal gjelde i heile landet der arrangørar, transportselskap eller institusjonar som krev inngangspengar har akseptert ordninga. Fordi kortet ikkje er akseptert alle stadar, må du sjølv undersøke om kortet vert akseptert på den aktuelle staden.  
Forventingar til tenesteytar   §  Det går fram av beviset om brukar har trong for ein eller to personar som følgje.  
Forventingar til tenestemottakar   §  Gjev nødvendige opplysningar i høve til søknad, inklusiv passfoto. §  Må levere legeerklæring ilag med søknaden. I søknaden må det komme fram at behovet er langvarig og ei funksjonsvurdering. §  Gjer seg kjend med korleis følgekortet skal nyttast. §  Tek kontakt med kommunen ved endring i eigen situasjon. §  Søkjer på nytt, inkl. nytt passfoto, før følgekortet går ut på dato. Det står utløpsdato på kortet.