Frivilligsentral

Stad kommune har to frivillingsentralar. Eid frivilligsentral, Eidsgata 9 og
Selje Frivilligsentral, Nabben 80. 

Ein frivilligsentralar skal stimulere til frivillig innsats, vere opne møteplassar for befolkninga og vere eit bindeledd mellom kommunen og frivilligsektor.  

Ta kontakt med din nærmaste frivilligsentral om du: 

  • Ynskjer å vere frivillig.
  • Vil melde deg inn i ein organisasjon eller ynskjer å starte ei foreining.
  • Har spørsmål om tilskotsordningar eller har utfordringar ditt lag/org. ynskjer hjelp til.
  • Ynskjer oversikt over kjekke møtestadar og aktivitetstilbod rundt om i kommunen som lag og organisasjonar driv, til dømes strikkekafear, sogelag, frimerkeklubb, kor, turlag, idrettslag og båtlag.
  • Ynskjer å vite om tilbod og aktivitetar i og på frivilligsentralane, til dømes middagkøyring og bruk av gratis lokale.
     

Frivilligsentralane samarbeider og med andre etatar i kommunen om å løyse ulike utfordingar og leggje til rette for aktivitet og tilbod etter behov.

Sjå nyheiter og nyttig informasjon på frivilligsentralane sine nettsider:

Eid frivilligsentral     Selje frivilligsentral

Stad kommune har ei eiga side der du finn oversikt over lokale lag og organisasjonar sine aktivitetar og tilbod.

Finn ditt lag og aktivitet du vil delta på her:

Stad foreiningsportal


Stad kommune har ein politisk vedteken frivilligpolitisk plattform med føljande mål:

Det skal vere enkelt å vere frivillig i Stad.

Frivilligpolitisk plattform er eit samarbeidsdokument som forpliktar. Det er eit godt verktøy for korleis vi byggjer eit livskraftig og trygt samfunn der frivilligheita er ein viktig grunnstein og har gode vekstvilkår.

Dokumentet er lettlest og interessant med 4 fine verdiar:

Stad kommune skal vere:

  • Nær dei frivillige
  • Raus mot dei frivillige
  • Skapande saman med dei frivillige
  • Heilhjarta i møte med dei frivillige


  Frivilligpolitisk plattform Stad kommune 2022-2024

Stad kommune har to årlege møter/ treff med frivilligheita.  Frivilligkveld og Innbyggjartreff.
Frivilligkveld blir arrangert i starten av året.  Dette er ei samling for  frivillige, lag og organisasjonar, politikarar og kommuneadministrasjon. 
Innbyggjartreff  blir arrangert på hausten. Her er også innbyggjarar invitert til å komme på stand og kakefest. Her kan ein bli kjent og få sjå kva frivilligheita tilbyr og gjer for samfunnet vårt. 

Her kan du sjå samandrag frå Frivilligkvelden 2024.  (PDF, 2 MB)
Der ein hadde gruppearbeid med utgangspunkt i resultat frå kartlegginga av frivilligheita. 
Innspela vil bli tatt vidare med i arbeidet med ny frivilligpolitisk plattform. 

Kontakt

Astrid Grete Torheim
Eid frivilligsentral, fagleiar
E-post
Mobil 91 13 89 92
Maria Helgesen
Selje frivilligsentral, Dagleg leiar/ konsulent
E-post
Mobil 95 86 92 23